Inn i norsk ordbok

Lars S. Vikør

Tolvbandsverket Norsk Ordbok er det største vitskaplege og dokumenterande ordboksverket over norsk språk. Ordboka dekkjer det norske folkemålet i bygd og by over heile landet og det nynorske skriftspråket. Arbeidet med Norsk Ordbok starta i 1930, og papirutgåva vart fullført i 2016.

Denne brukarrettleiinga er meint å fungere som ein vegvisar inn i ordboka, der mange av artiklane er lange, informasjonstette og komplekse. Dels skal ho vere ei hjelp til å tolke den informasjonen ordboka inneheld, og dels er ho meint som ein dokumentasjon på arbeidsmåten og tenkjemåten ordboksredaktørane har basert seg på.

Rettleiinga blir innleidd med eit kort oversyn over bakgrunn og historikk og ei grovskisse over oppbygginga av artiklane i ordboka, og tek deretter i detalj for seg dei ulike informasjonstypane ordboka inneheld, og måten å presentere dei på. Ho inneheld òg lister over forkortingar som er brukte i ordboka med forklaringar, oversikter over dei geografiske områda som ligg til grunn for heimfesting av dialektopplysningane i ordboka, og ei fullstendig og svært omfattande liste over kjeldene som er nytta i ordboksarbeidet.

Inn i Norsk Ordbok er berre tilgjengeleg frå nettbutikken til Samlaget, og vil også bli tilgjengeleg for nedlasting. Boka er trykt i begrensa opplag.

Last ned Inn i Norsk Ordbok her


ISBN: 9788252194722

Kategoriar: Alle bøker, Lars S. Vikør, Ordbøker

Emneknagg:

Sjanger: Norsk ordbok


Meir frå Lars S. Vikør