{"title":"Alle bøker","description":null,"products":[{"product_id":"m-train","title":"M train","description":"Dei uforgløymelege reisene og møta til ein legendarisk artist. M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. \n \nHo inviterer oss inn i sin New Yorkkvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. \n \nM Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. \n \nTil norsk ved Brit Bildøen. ","brand":"Patti Smith","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736990380183,"sku":"9788252189087","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DGd6zwrve4cCpzHCipnX9cOzzzQVI41nu72L0Xks.jpg?v=1716512443"},{"product_id":"livet-til-det-betre-mathilde-yann-billie-tre-portrett","title":"Livet, til det betre: Mathilde, Yann, Billie: tre portrett","description":"Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Frå fransk ved Tove Bakke.","brand":"Anna Gavalda","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737012695191,"sku":"9788252187151","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QeTYDBHGei5azZxzhFFiypMV9Sim4BfECq3qtI6E.jpg?v=1716512014"},{"product_id":"engelsk-bokmal-bokmal-engelsk-ordbok-1","title":"Engelsk-bokmål, bokmål-engelsk: ordbok","description":"","brand":"Jostein Stokkeland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737077248151,"sku":"9788252139556","price":232.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"ferdaminne-fra-sumaren-1862","title":"Ferdaminne frå sumaren 1860","description":"Klassikar i norsk litteratur.\nFerdaminne frå sumaren 1860 er rekna som Vinjes viktigaste verk. Boka er forma som eit reisebrev frå den store noregsreisa Vinje gjorde i 1860. Ho er halden i kåserende form, med lyriske innslag, og inneber eit brot med det romantiske synet på bonden. Her finn lesarane underhaldande skildringar, dikt og agronomiske utgreiingar om kvarandre. Dette pionerverket i norsk journalistikk inneheld òg den lyriske perla Ved Rondane.","brand":"Aasmund Olavsson Vinje","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737136394391,"sku":"9788252196795","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/WBZFD9khH7ACw4py4lQF7XqHw873Wxh6r2zjjjsk.jpg?v=1716514214"},{"product_id":"historia-om-det-tapte-barnet-moden-alder-alderdom-roman","title":"Historia om det tapte barnet: moden alder - alderdom : roman","description":"Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap. \n \nDette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store drama i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom.  \n \nElena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg!  \n \nMed Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting. \n \nDen fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».   ","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737169948823,"sku":"9788252188806","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/dXWumBfXzkPcwHaPDFYpAY97L6Yc5N8TLiesaEDH.jpg?v=1716512370"},{"product_id":"historia-om-det-nye-namnet-unge-ar","title":"Historia om det nye namnet: unge år","description":"Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet. \n \nHistoria om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. \n \nOmsett av Kristin Sørsdal. ","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737175486615,"sku":"9788252188448","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/vknNbn00ZmRTRJjI3OHMXtFZIed8dUXCrQ86uL4w.jpg?v=1716512300"},{"product_id":"professor-moreaus-loyndom-1","title":"Professor Moreaus løyndom: roman","description":"Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen. \n \nDoktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang. \n \n«Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga fortid er det duka for absurditetar. Her er talrike drap og attentat i ei fargerik forteljing som ikkje akkurat bleiknar når hovudpersonen omsider får innsyn i professor Moreaus løyndom.  \n \nHovland viser seg frå ei anna side i denne boka, men det absurde er likevel på plass, og vi finn mang ei setning som er verd å klippe ut og henge på veggen. Vel så mykje som romanen stiller spørsmål om hendingar, stiller han spørsmål om røyndommen - og avsluttinga er kanskje vel så overraskande for lesaren som for kaptein Margalo? \n \nKuriosum: «Professor Moreaus løyndom» var ein av tre førsteprisvinnarar i Samlagets konkurranse for underhaldningsromanar i 1985.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737210876055,"sku":"9788252198515","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/CIsfPmos1JMQq3bYu5M6NLlos7TP3cyVyTSHpB62.jpg?v=1716514694"},{"product_id":"visste-du-at-basj-leseland-niva-1","title":"Bæsj","description":"Visste du at eit menneske bæsjar eit heilt badekar med bæsj kvart år? Og visste du at tjukktarmen er over ein meter lang? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om bæsj. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Hanne Sigbjørnsen.\n\n«Visste du at ...? BÆSJ» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.","brand":"Hanne Sigbjørnsen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737237581975,"sku":"9788234001383","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/H1YqVZr9eHyrpCHJHviAEOOZLjd6Le4sOrGV8Hgz.jpg?v=1716487858"},{"product_id":"ser-du-dette","title":"Ser du dette?: roman","description":"Nakenbilete på avvegar.   \n  \nAnna har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg.   \n  \nAnna har reist frå eit rykte. Ho må starte på nytt. Med ny skule og nye venner. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne?   \n  \n«Ser du dette?» handlar om Anna og eit nakenbilete som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.","brand":"Sigrid Agnethe Hansen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737238892695,"sku":"9788234001802","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/CFzTLGtfiHVjwgLfVTN9T1azstqghNadumXkXW3Z.jpg?v=1716487961"},{"product_id":"eg-larer-mor-mi-a-fode","title":"Eg lærer mor mi å føde: dikt","description":"Krigens brutalitet i rå kjensler.  \n \nDen kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016.  \n \nBoka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten.  \n \nKroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk.  \n\nGjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.","brand":"Warsan Shire","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":48389117051101,"sku":"9788234000942","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/T7y4uRGCsxSYOdW8ir1T9noFhg94200OvgYUuXJq.jpg?v=1716487742"},{"product_id":"der-det-finst-fuglar","title":"Der det finst fuglar: roman","description":"Eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. \n \nFor å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? \n \n«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. \n \nFrå dansk ved Ingvild Holvik.","brand":"Maren Uthaug","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737241481367,"sku":"9788234000829","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jfoAZ6bDC6SawxItUYnOGskwZePmmqiN1B506CaY.jpg?v=1716487721"},{"product_id":"bergtatt","title":"Bergtatt","description":"Jenta som lokkar i skogen. \nI den nye klassen til Leo sit ei jente med grøne augo for seg sjølv heilt bakarst. Det er noko med augo hennar som gjer at han heile tida lengtar etter henne. Kven er ho? Kvifor går ho kledd så annleis, og kvifor luktar ho myr og skog? Snart viser det seg at jenta også er interessert i Leo. Men før han kan få henne, må han gjere noko grufullt, noko som vil endre han for alltid. \n\n«Bergtatt» er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Selma Lønning Aarø","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737242267799,"sku":"9788234002021","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/T0zVRMNT5Um3b0VSaUNNd2QR738P1vW9w8WmsW97.jpg?v=1716488062"},{"product_id":"nynorsk-med-dei-minste","title":"Nynorsk med dei minste","description":"Tidleg og systematisk innsats med språk gir barn ein fordel i møte med skulen. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen. \n \nBoka er den første større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste. Her er vitskaplege artiklar om grunnar for å drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar.  \n \nMålgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning, tilsette i barnehagar og skular og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt.","brand":"Eli Bjørhusdal","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737263730839,"sku":"9788252194098","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LSybuJxLl503iYavO1MYdpQ0h71bJFgKWBrVlh5k.jpg?v=1716513563"},{"product_id":"nynorsk-ordliste","title":"Nynorsk ordliste","description":"Ordlista presenterer oppslagsorda med fulle bøyingsformer, har ein grammatikkdel og gir råd om god målføring, har forkortingsliste og liste over bokmålsord med nynorske synonym.","brand":"Alf Hellevik","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":48389121638621,"sku":"9788252181647","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LYrN1kcbXeX45Q68GOard6JdeR0EQCli0NUF3Nkf.jpg?v=1716510564"},{"product_id":"supersterk","title":"Supersterk","description":"\u003cp\u003eMorosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar! \n \nI denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar ... \n \nTeksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon.  \n \nSupersterk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eLes også:  \nSuperrask \nSupersmart \n \nLeseland. FAKTA. Nivå 3.\u003c\/p\u003e","brand":"Dan Höjer","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737273528471,"sku":"9788252190830","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/2bayzqSH2E5w04Jtw191ChcC6BbhP5ujlgXsfYfE.jpg?v=1716512833"},{"product_id":"alle-mann-i-forsvar","title":"Alle mann i forsvar!","description":"Barcelona spelar aldri feigt! Så kva gjer Barcelona-gjengen når dei får beskjed om å spele alle mann i forsvar? \n \nBarcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt. \n \nAlle mann i forsvar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. \n \nLeseland nivå 3. ","brand":"Atle Berge","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737277067415,"sku":"9788252189223","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hi4i9sblnbp267tQqB5JrBsb1JOL8IkDHkFYSx4W.jpg?v=1716512469"},{"product_id":"den-forelska-frosken","title":"Den forelska frosken","description":"Frosken kjenner seg så rar, han veit ikkje om han er glad eller lei seg og hjartet bankar fortare enn vanleg. Haren seier at frosken er forelska, og frosken forstår at han er forelska i anda. Da tek han til å undra på korleis han kan få vist anda at han er glad i henne.","brand":"Max Velthuijs","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737278279831,"sku":"9788252161441","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/AR4sqg6NnnhQrJ2WAvpPiT2nRq1C0t7dORWxwuB1.jpg?v=1716504113"},{"product_id":"norsk-stadnamnleksikon","title":"Norsk stadnamnleksikon","description":"Boka forklarer tyding, opphav og bruksområde og gjer greie for uttalen av 6000 stadnamn. Boka dekkjer alle viktige administrative einingar, har med mange samiske stadnamn, inneheld innføringartiklar om stadnamn og presenterer gjeldande lovverk.","brand":"Jørn Sandnes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737280278679,"sku":"9788252149050","price":579.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"svarte-mathilda","title":"Svarte-Mathilda","description":"Mordet på ei ung jente forblir uoppklart, og leiligheten hvor drapet fant sted står tom i 20 år. Når Elisabeth flytter inn ser hun ting moren ikke ser, og hører hvisking. Hun begynner å grave i historien om drapet, og finner ut at Svarte-Mathilda gjemmer seg i et speil, og kommer frem når man kaller på henne. Elisabeth blir nødt til å prøve det ut.","brand":"Tor Arve Røssland","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737371209879,"sku":"9788252183023","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/516LKf4iCNipvVfzYjrXicovVv8NAWPlDZnaH70n.jpg?v=1716510892"},{"product_id":"strikk-til-barnehagebarn","title":"Strikk til barnehagebarn","description":"Varm og glad i barnehagen! \n \nFor at ungane skal ha det bra i barnehagen, må dei vere passeleg varme. I denne boka finn du alt barnehageungar treng av strikkeklede, blant anna teppe, luer, vottar, halsar, sokkar, ullbukser, tynne ullunderklede, jakker, genserar, heile dressar og kvardagskjolar. Kleda er tilpassa ulike årstider, men også inne- og utebruk. Alle plagga er strikka i Sandnes garn og er enkle å strikke, praktiske og ikkje minst slitesterke. Oppskriftene er frå 1 til 6 år. ","brand":"Tove Fevang","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737373864087,"sku":"9788252188592","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PQofofRthNM5o0ZfUuugzBFYeUeTSL8PbUopBHNP.jpg?v=1716512325"},{"product_id":"pals-bleie","title":"Påls bleie","description":"Pål har fått bleie på, men vil heller tisse på golvet. Bleia kan hunden få, tenkjer Pål. Og som sagt, så gjort.","brand":"Barbro Lindgren","offers":[{"title":"Pappbok","offer_id":36737453293719,"sku":"9788252196931","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/78MD86cjB3Sgtan1UgWXR6QK0JafsI1vzjorQTOD.jpg?v=1716514249"},{"product_id":"nynorskordlista-rettskrivingsordliste-for-skole-heim-og-kontor","title":"Nynorskordlista: rettskrivingsordliste for skole, heim og kontor","description":"Nynorskordlista har 58000 oppslagsord med full bøying av grunnord og avleiingar. Ho har med framandord, forkortingar, stadnamn, innbyggjarnamn, forklaring ved sjeldne ord og uttale av visse ord og namn. Har har brukarrettleiing og ei oversikt over viktige rettskrivingsreglar. Oppslagsorda viser offisiell rettskriving for nynorsk etter endringar vedtekne i 1996.","brand":"Marit Hovdenak","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737470136471,"sku":"9788252144840","price":266.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-og-engelsk-norsk-norsk-engelsk-medisinsk-ordliste-pakke","title":"Norsk medisinsk ordbok og Engelsk-norsk\/Norsk-engelsk medisinsk ordliste: pakke","description":"Pakka inneheld eit eksemplar av den niande utgåva av Norsk medisinsk ordbok og eit eksemplar av den engelsk-norske medisinske ordlista.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737493565591,"sku":"9788252179798","price":699.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"nar-det-regnar-i-afrika-ei-bok-om-ver-og-klimaendringar","title":"Når det regnar i Afrika: ei bok om vêr og klimaendringar","description":"Faktabok for barn om meteorologi \n \nKorleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det? \n \nDette er forteljinga om Styrk, men også ei faktabok om meteorologi. I slutten av boka kan du lese om korleis vêret held på å endre seg her på kloten. Og du få vite kvar regnet i Afrika blei av! \n \nBoka er illustrert av Per Ragnar Møkleby. ","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737526759575,"sku":"9788252187809","price":369.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/9BrL9edPe9XfHT9zchQkZCstTtcBVD0nWYsslHjk.jpg?v=1716512161"},{"product_id":"coeur-de-lion","title":"Coeur de Lion","description":"Coeur de Lion er eit rått og intenst langdikt skrive kort tid etter eit kjærleiksbrot. Teksten er framleis varm av begjæret, men er samstundes lærd, skarp og intellektuell. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Reines skriv beinhardt og generøst, og legg ingenting imellom, verken for seg sjølv eller lesaren: Dette er ei bok som tilstår alt. Ho er både vond, brutal og morosam, og kan ved første augekast verke hemnlysten. Men Reines er oppteken av å forstå det som har skjedd, det som skjer, og ho gir stemme til både Ariana og Jake, mellom anna ved at Ariana hackar seg inn på Jakes e-postkonto. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Reines pustar med sitt moderne kjærleiksdikt nytt liv i sjangeren. Coeur de Lion frå 2007 har blitt ein kultklassikar og har allereie hatt stor innverknad på amerikansk samtidspoesi. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Anna Kleiva har gjendikta teksten til norsk, og har også skrive eit etterord. Boka inneheld òg ein samtale mellom gjendiktaren og forfattaren.","brand":"Ariana Reines","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737782022295,"sku":"9788252185393","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/I1pk4Iu2mbV0JAuqj1kxyDACL4p8N8k6pSZz9frt.jpg?v=1716511624"},{"product_id":"gorgias","title":"Gorgias","description":"Dialog frå 400-talet f. Kr. om konflikten mellom det retoriske og det filosofiske mennesket.","brand":"Platon","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36738616557719,"sku":"9788252134285","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/BxpD9y05Ri2dQ59lzEgxNfJreIHS9EAzKkdpmVTx.jpg?v=1716490930"},{"product_id":"songfuggel-i-karmen-40-songar-med-notar-og-gitarbesifring","title":"Songfuggel i karmen: 40 songar med notar og gitarbesifring","description":"Ei skattkiste for alle songglade Nordstoga-fans! Songboka inneheld 40 songar av den populære artisten, alle med notar og gitarbesifring.  Her finn du hits som Heim te mor, Frøken Franzen og Kveldssong for deg og meg, men også dei populære songane frå Svingen-serien på barne-tv. Boka er dessutan rikt illustrert med foto og inneheld små tekstar der Nordstoga fortel meir om kvar av songane.","brand":"Odd Nordstoga","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36738720759959,"sku":"9788252170832","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/2ePf5zOu8dQBxNj0O9PtAs4sSxJIM19oCq7l10Cj.jpg?v=1716507895"},{"product_id":"i-dyrehagen","title":"I dyrehagen","description":"Boka fortel om dei forskjellige dyra i dyrehagen, m.a. om løvene, apene, bjørnane, kenguruane og forskjellige fuglar.","brand":"Francoise Vibert-Guigue","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36738779873431,"sku":"9788252165982","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/0VVlLL7vqlwkVMeRq184uw7pWnkm2exIZ9Wh03wG.jpg?v=1716506106"},{"product_id":"ildproven-viridians-blod","title":"Ildprøven ; Viridians blod","description":"VILLHEKS - spennende fantasyserie!\n\nCLARA TROR hun er ei helt vanlig jente som lever et helt vanlig liv. Men da hun blir klort i ansiktet av en svart, gigantisk katt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakker mor bilen og tar Clara med til et hus langt ut i skogen der tanta hennes bor.\n\nTante Isa mener at Clara er ei villheks som henne, men Clara vet ingenting om trolldom. For hvert mislykkede tryllekunstforsøk føler hun seg sikrere på at hun bare er ei vanlig jente. Men ei natt hun er alene i huset, blir hun satt på hekseprøve.\n\nEtter hvert er det ingen vei tilbake, og det er som Villheksa Shanaia sier til Clara i Viridians blod: «DU MÅ! Det er ingen andre som kan. Eller vil.»\n\nIldprøven og Viridians blod er bok 1 og 2 i Lene Kaaberbøls fantasyserie Villheks. Ildprøven ble kåret til beste barnebok av danske barn i 2012!\n","brand":"Lene Kaaberbøl","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36738814050455,"sku":"9788252192094","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/YpLbdm8O91GGphBqtCMfBwIuSVwLhnYRlK6M8Yh7.jpg?v=1716513028"},{"product_id":"nynorskordboka-definisjons-og-rettskrivingsordbok-3","title":"Nynorskordboka: definisjons- og rettskrivingsordbok","description":"Ordboka inneheld meir enn 90 000 oppslagsord, og har opplysningar om språkleg opphav og slektskap, uttale og døme på bruk.","brand":"Universitetet i Oslo. Institutt for lingvistiske og nordiske studier","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36738845966487,"sku":"9788252168983","price":575.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/NWwREpfadhcyq00BRhR9G81tVEA39EXSZfdjUi4p.jpg?v=1716507186"},{"product_id":"stavangertrilogien","title":"Stavangertrilogien","description":"Stavanger i oljealderen: Det svarte gullet blir pumpa inn i dei rikes økonomi. Rikdommen legg seg som ei tynn oljehinne på overflata. Og under denne overflata finst det desperate småkjeltringar og sosialklientar. Hundedagane (1998), Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004) handlar om skyggesida av det nyrike olje-Noreg..I eit hardt, fysisk og.munnleg språk.har Rein skrive ein trilogi med eit.intelligent raseri, .gjennomarbeidd og gjennomført hardkokt. Stavangertrilogien er medrivande og engasjerande -.og.eit stykke sivilisasjonskritikk..Om Hundedagane (1998): .Rein har språk sterkt nok til å få oss til å bli med på ferda inn i eit område for menneskeliv der verdikommisjonen burde leggja sitt neste møte.. Knut Ødegård, Aftenposten. Om Grisekoret (2001) Det er en roman som skiller seg ut med en helt særegen stemme, som bør høres. Jan Inge Reilstad, Morgenbladet.\nMed Kaninbyen leverer Arild Rein en kongenial avslutning av trilogien som plasserer forfatterskapet skyhøyt over alle andre på min private hitliste. Terje Thorsen, Dagbladet.\n\n","brand":"Arild Rein","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36738857009303,"sku":"9788252165432","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/p5h8dAUZZhKOFujB7zZI2thJI5YppQl7S5uzH7Cq.jpg?v=1716505611"},{"product_id":"hus-som-vil-meg-hysa-snohetta-og-det-umerkeleg-monumentale","title":"Hus som vil meg hysa: Snøhetta og det umerkeleg monumentale","description":"Boka fortel historia om arkitektfirmaet Snøhetta. Forfattaren tek oss med på ei reise rundt i Noreg og ut i Europa, og viser fram korleis Snøhetta omskapar gamle industrilandskap og fallerte hamnebyar. Med liste over Snøhettas verk, tilsette og samarbeidspartnarar.","brand":"Kjartan Fløgstad","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739165225111,"sku":"9788252161083","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/wfyriHqLWhJz3qLnwy2BDEhgpjaHJxDuvwNstkks.jpg?v=1716504087"},{"product_id":"norsk-ordbog-med-dansk-forklaring","title":"Norsk ordbog: med dansk forklaring","description":"Ordboka byggjer på Ordbog over det norske Folkesprog, som kom ut første gong i 1850, men tilfanget er auka frå 25.000 til 40.000 ord. Ordboka har oppslagsformer og bruksdøme i det nyreiste landsmålet ved sida av systematiske opplysningar om utbreiing og uttale i målføra. Første delen legg hovudvekta på Aasens arbeid med manuskriptet, særleg i åra 1869-73 og på utgåvene frå 1900-talet. Andre delen gjer greie for redigeringsprinsipp og typografi i den nye utgåva.","brand":"Ivar Aasen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739284336791,"sku":"9788252159288","price":859.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/bwsw7tTmKlAHcLOAkT56FVVpCj8hcQBWslc1iVMe.jpg?v=1716503382"},{"product_id":"mari-og-magnus-flyttar-inn","title":"Mari og Magnus flyttar inn","description":"Mari og Magnus har flyttet inn i et nytt hus. Da de møter den nye nabogutten Jonas, blir Magnus sjalu, men han blir blid da Jonas finner ijgen Magnus' kosedyr. Dette er den første boka om Mari og Magnus.","brand":"Ruth Lillegraven","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739345580183,"sku":"9788252179811","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/0TpIt4Cd0HA5qxQSvZi1R4RGcGiZ7mxmOo9OjaBU.jpg?v=1716510075"},{"product_id":"engelsk-bokmal-bokmal-engelsk-ordbok","title":"Engelsk-bokmål, bokmål-engelsk: ordbok","description":"Ny og utvida utgåve med 36 000 oppslagsord. Ordboka er oppdatert med engelske og norske nyord. Ho gir gode og presise ordforklaringar og har med mange brukseksempel som viser orda i bruk. Alle ord står oppførte med ordklasse, norske substantiv også med kjønn. Ordboka har med ein minigrammatikk med nyttige opplysningar om korrekt språkbruk.","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739361964183,"sku":"9788252173628","price":208.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/8rM50ISFN8jrNprzmafOxHMA5bwu1Z0i4d4P7YQG.jpg?v=1716508568"},{"product_id":"engelsk-nynorsk-nynorsk-engelsk-ordbok","title":"Engelsk-nynorsk, nynorsk-engelsk ordbok","description":"Ny og utvida utgåve med 36 000 oppslagsord. Ordboka er oppdatert med engelske og norske nyord. Ho gir gode og presise ordforklaringar og har med mange brukseksempel som viser orda i bruk. Alle ord står oppførte med ordklasse, norske substantiv også med kjønn. Ordboka har med ein minigrammatikk med nyttige opplysningar om korrekt språkbruk. Nynorskutgåva er i tråd med den nye rettskrivinga.","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739363209367,"sku":"9788252173611","price":208.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6mSDqxMxbcbCRVVUgRuGTsSSvteAaieM04zF0CL7.jpg?v=1716508563"},{"product_id":"etikk-i-profesjonell-praksis","title":"Etikk i profesjonell praksis","description":"Korleis kan ein vere sikker på at ein handlar riktig i vanskelege situasjonar i profesjonelt arbeid? Kva hjelp får ein frå reglar og retningsliner, og kor mykje bør ein bruke eige skjønn når ein kjem i tvil om rett handling? Denne boka handlar om korleis profesjonsutøvarar kan reflektere i utfordrande situasjonar for å handle rett og godt - slik at publikum får tillit til profesjonen og den profesjonelle bevarer sjølvrespekten. \n\nBoka drøfter særskilte forventningar og krav til profesjonsetikken, og viser kva det vil seie å identifisere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i profesjonelt arbeid. Det blir gjort greie for nøkkelomgrep som opne og skjulte verdiar, normer, etikk og moral, og lesaren får ei innføring i sentrale etiske teoriar: dygdsetikk, pliktetikk, konsekvensetikk, diskursetikk og relasjonsetikk. Avslutningsvis blir etiske refleksjonsmodellar presenterte. \n \nFor personar som har med andre menneske å gjere i arbeidet sitt, vil boka kunne gi både eit solid teoretisk grunnlag for refleksjon og vere ei praktisk handbok til hjelp i møte med profesjonsetiske utfordringar.\n\nEinar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.","brand":"Einar Aadland","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36739479634071,"sku":"9788252197709","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Cdo4ygOBRWMTRu8ifPLarSzdYd3FBCPTRkHE1n3B.jpg?v=1716514481"},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":"Boka er til bruk for dei fleste personellgruppene i helsetenesta. Rundt 25 500 oppslagsord med ord og uttrykk, definisjonar, forklaringar og etymologiske opplysningar frå alle spesialområde innan medisin og frå vanleg medisinsk arbeid. Det er i nokon grad teke med oppslagsord frå tilliggjande fagspråk, som t.d. psykologi, sjukepleie og jus.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739604283543,"sku":"9788252175073","price":479.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/a3kKHIvbNiJJzfJw8HsMV5OZ0cGSC3oLMlrIq62u.jpg?v=1716508985"},{"product_id":"engelsk-norsk-norsk-engelsk-medisinsk-ordliste","title":"Engelsk-norsk\/norsk-engelsk medisinsk ordliste","description":"Ei tovegs ordliste med rundt 27 000 oppslagsord. Ordlista byggjer på oppslagsorda i Norsk medisinsk ordbok, 9. utg. Oppslagsorda er frå alle spesialområde innan medisin og frå vanleg medisinsk arbeid.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739607625879,"sku":"9788252178135","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/FJvfTlrzcoEb3jaMYg2dDgSMwFQRsqXbqA77EZsE.jpg?v=1716509715"},{"product_id":"veterinaermedisinsk-ordbok","title":"Veterinærmedisinsk ordbok","description":"Veterinærmedisinsk ordbok har 8000 oppslagsord og uttrykk frå alle spesialområde innan veterinærmedisin og forklarar sjukdommar, diagnosar, kroppsdelar m.m.  \nDet veterinærmedisinske fagspråket blir forenkla og fornorska, og omgrepa blir omtalte i lettfattelege vendingar. Tabellar med diagnosar og definisjonar brukte i helsetenesta for husdyr, er tekne med som vedlegg, saman med oversyn over referanseomrde for blodverdiar hos nokre dyreartar. Mange av oppslagsorda er også oppførde med engelsk nemning.","brand":"Hallstein Grønstøl","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36739612803223,"sku":"9788252161052","price":359.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/MQCkd8vf0sS9IjtnhmwjQprwhBmb7MrWOQrPrRF0.jpg?v=1716503907"},{"product_id":"medisinsk-lommeordbok","title":"Medisinsk lommeordbok","description":"Boka er et utdrag av Norsk medisinsk ordbok, og inneholder et utvalg som passer for helsearbeidere, studenter og elever. Har 6000 oppslagsord. Denne andre utgaven har med en del nye oppslagsord samt en liste over internettadresser.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36739619946647,"sku":"9788252160871","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/gUFIAldILVcEAolO5L9E0CxrccvnA9aTrsSgYvVD.jpg?v=1716503878"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-12-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 12: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Norsk Ordbok dokumenterer kor rikt og livskraftig det norske folkemålet er  \n \nNorsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing.  \n \nNorsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca 1600 til i dag, og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg har ein eit arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar, mange innsende av frivillige medarbeidarar over heile landet som har sendt inn ord frå sine eigne målføre sidan 1930.  \n \nOrdboksverket byggjer også på ei omfattande elektronisk samling nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur, SOM inneheld meir enn 100 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse og Aina Basso.  \n \nNorsk Ordbok vil liggje føre komplett i 12 band i mars 2016. Kvart band er på 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman vil ordboksverket omfatte ca. 300 000 oppslagsord. Med band 12 dekkjer orboksverket no heile alfabetet frå \"a\" til \"åværig\".  \n \nNorsk Ordbok er utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av universitetet og av Kultur- og kyrkjedepartementet. Noregs forskingsråd gir støtte til trykkinga. ","brand":"Oddrun Grønvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739625844887,"sku":"9788252186987","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Zo7CK0haXv4SWcvLeH8gPRrw4gLieRvcB4S2efrn.jpg?v=1716511973"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-6-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 6: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Omfattar ord og uttykkk frå og med k til og med kåvå.","brand":"Oddrun Grønvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739629973655,"sku":"9788252170269","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ePpcgXO3GqeZ4cSR4G1V3wEVmihFyaFQTV1KbVHy.jpg?v=1716507626"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-7-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 7: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Omfattar ord og uttykk frå og med l til og med mugetuft.","brand":"Oddrun Grønvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739632922775,"sku":"9788252172249","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/VNeZoMKrDHo1OdryUmFQuPjNesytpsKkHf1h8lvM.jpg?v=1716508155"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-8-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 8: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Omfattar ord og uttykk frå og med mugg til og med ramnsvart.","brand":"Oddrun Grønvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739636068503,"sku":"9788252174687","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/xYsvqtkEvys9x6MwCARHzvZEJ6C62VMOMnExWhyD.jpg?v=1716508847"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-9-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 9: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Omfattar ord og uttykk frå og med mugg til og med ramnsvart.","brand":"Oddrun Grønvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739637772439,"sku":"9788252178586","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/K8u6WQO54xFJf8sQzUTSN6oMCIBNhUi9PFXnBiQw.jpg?v=1716509843"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-11-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 11: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Norsk Ordbok er den største ordboka over norsk talemål og nynorsk skriftspråk. Ordboka blir på tolv band og vil vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Til saman vil Norsk Ordbok omfatte 300 000 oppslagsord. Ordboka byggjer blant anna på ein database med over tre 3,2 millionar ord samla inn frå skriftlege kjelder og frå dialektane og på eit moderne elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på nyare tekstar, skjønnlitterære og sakprosa. Norsk Ordbok band 11 tek for seg ord frå stø og ut alfabetbokstaven t. Norsk Ordbok blir utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo.","brand":"Oddrun Grønvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739639541911,"sku":"9788252183634","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/1kbgmJ54TK6ewHErdQ5sE7HbPfdnzTnAuhvFUrOk.jpg?v=1716511089"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-5-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 5: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Dette bandet dekkjer oppslagsorda harm til jåttut. Norsk Ordbok er skriven for profesjonelle språkforskar, akademikarar, folk som interesserte i språk og dialektar og og lærarar og elevar i skulen. Boka inneheld gamle og nye dialektord, opplysningar om språkhistorisk opphav og geografisk utbreiing, og ho dokumenterer kor vitalt og rikt det norske folkespråket er og har vore opp gjennom tidene. \n ","brand":"Lars S. Vikør","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739641835671,"sku":"9788252165791","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Ldn05sQnz6BjFnRbkHAkj3Vq5gtB4Ls6QaYw1jqL.jpg?v=1716506070"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-4-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 4: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Omfattar ord og uttykkk frå og med gigle til og med harlemmerolje.","brand":"Lars S. Vikør","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739644096663,"sku":"9788252161502","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LgKa1YcFdcz7Mq3LHPSY2qoWX8aERhvMafAR5niM.jpg?v=1716504134"},{"product_id":"norsk-ordbok-bd-3-ordbok-over-det-norske-folkemalet-og-det-nynorske-skriftmalet","title":"Norsk ordbok. Bd. 3: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet","description":"Omfattar ord og uttykkk frå og med flusker til og med gigla.","brand":"Alf Hellevik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739650977943,"sku":"9788252143836","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/alle-boker-1.oembed?page=11","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}