I Skoddeheimen er det godt å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen. Der treffer dei kvarandre, har eit forhold og går frå kvarandre igjen, og formidlar gjenkjenneleg studenttid og skrå tilbakeblikk til sin "bondske" oppvekst.
Meldingar
"Leken fortellerglede i en besk roman der forfatteren tar seg alle friheter ... Det er sjelden man leser romaner så gjennomgående preget av en ganske frekk lekenhet, drevet av et begjær og et overskudd som uten tvil kan kalles fortellerglede."
, Bergens Tidende
”Stor originalitet og litterært mot… noe nytt og eget i norsk litteratur… forfriskende å lese noe som utfordrer og som ikkje tråkker seg ned i en selvmedlidende nostalginaivisme.”
"Her er det mye humor og gnistrende bra nedtegnet."
Olav Ljone Skogaas, poeten.no
Olaug Nilssen
Olaug Nilssen(f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.
Fleire foto av Eivind Senneset: (Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO