Teksten gir eit innblikk i norsk kultur, namnetradisjon og geografi. Rytmen, klangen, det grafiske oppsettet og assosiasjonane som namna gir, kan få oss til å skape våre eigne forteljingar gjennom lesinga. Boka vil auke interessa vår for etternamn og få oss til å sjå lister og register på ein heilt ny måte.
"En slags dans over boksidene ... poetisk hugst i skogen av iøynefallende navn. Alle sansene parate - her kan du oppleve en gullgruve. Denne boka er i like høy grad en konsert for tusen telefonabonnenter som på skift - eller i kor - løfter røret av og sier navnet sitt høyt inn i røret ... en sprudlende lovsang til en mangfoldig verden av sære og poetiske navn."
"Og det er mange vakre namn å lesa, mange vakre lydar oppstår om ein les dette høgt, og det er mange vakre former og bilete som er skapt med stor grafisk presisjon på sidene ... Opnar ein seg for dette, ja, bare gjev seg over, så er det fleire fine opplevingar og mykje humor å henta i denne boka."
"Telefonkatalogdiktet er ansporende som konsept, og boken viser frem mange fine og rare navn, som vi kan smake på og gruble over."
Ottar Ormstad
Ottar Ormstad har arbeidd med visuell poesi i mange år, både i form av kunstbøker og bildekunstutstillingar av forstørra boksider, og han har laga digital poesi for nettsida Afsnit P. I 2009 kom kortfilmen LYMS, med bakgrunn i hans konkrete og elektroniske poesi, med ny musikk av komponistane i Xploding Plastix. Den blei vist under verdas største filmpoesifestival, ZEBRA i Berlin, i 2010. Filmen har òg vore vist i Barcelona, Napoli, Istanbul og Providence, USA. Ormstads siste poesifilm er when (2011). Digitale trykk av Ormstad finnes i Oslo både hos Galleri Norske Grafikere og i Galleri Briskeby.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO