Ny kunnskap om kreft: på veg mot framtidas kreftbehandling

Åsmund Husabø Eikenes |
E-bøker | Sidetal: 159 | ISBN: 9788234002793

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
Om prøving og feiling og nytt håp.

Ein av tre personar får kreft i løpet av livet. Vi høyrer ofte historier om tap, sorg og livet etterpå. Men kreftbehandlinga er i rivande utvikling, og stadig fleire av oss overlever på grunn av forsking og ny kunnskap om kreft. Dette er ei historie om forsking.

Kva er dei nye, store gjennombrota i kreftforskinga? Er det mogeleg å løyse «kreftgåta», som overskriftene i tabloidavisene snakkar om? Kva seier eigentleg forskinga om påstandar som at kreft er uflaks, at ein gentest kan avsløre kreft, at alle bør få immunterapi, og at kunstig intelligens skal revolusjonere kreftbehandlinga? Og kvifor er det bra at to pasientar med den same krefttypen ikkje får den same behandlinga?

I denne boka fortel kreftforskar og forskingsjournalist Åsmund H. Eikenes om det banebrytande arbeidet som gjer at stadig fleire med kreft vil overleve. Denne boka vil hjelpe deg å forstå kva kreft er, og vise deg korleis ny kunnskap bidreg til at fleire blir friske.


FRÅ BOKMELDINGAR:

"Åsmund Husabø Eikenes har skrevet en strålende bok om hva vi vet om kreft i dag, og hvor de store utfordringene for fremtiden ligger. Boken er forkningsformidling på høyeste nivå."
Ketil Slagstad, Morgenbladet

Sitat frå melding

Åsmund Husabø Eikenes

Du likar kanskje desse

Sist sett på