Norsk ordbok. Bd. 12: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet
Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing.
Norsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca 1600 til i dag, og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg har ein eit arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar, mange innsende av frivillige medarbeidarar over heile landet som har sendt inn ord frå sine eigne målføre sidan 1930.
Ordboksverket byggjer også på ei omfattande elektronisk samling nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur, SOM inneheld meir enn 100 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse og Aina Basso.
Norsk Ordbok vil liggje føre komplett i 12 band i mars 2016. Kvart band er på 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman vil ordboksverket omfatte ca. 300 000 oppslagsord. Med band 12 dekkjer orboksverket no heile alfabetet frå "a" til "åværig".
Norsk Ordbok er utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av universitetet og av Kultur- og kyrkjedepartementet. Noregs forskingsråd gir støtte til trykkinga.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO