Harry og Ivar i Junaited Statesen

Lars Mæhle |
Per Dybvig (Ill.) | E-bøker | Sidetal: 132 | ISBN: 9788252191301

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Harry og Ivar er tilbake!
Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas, og han er både sikker på å vinne og slemmare mot Ivar enn nokon gong. Han bruker opp alle pengane deira på blåbærbrus og karamellar, og er elles ufyseleg. Berre for å nemne noko.
Dårleg nytt: Deira store fiende, superskurken Kameleonen, er rømt frå eit fluktsikkert fengsel.
Godt nytt: Kameleonen er redd for hundar, også Kåre Albert, hunden til Ivar.
Supert nytt: Vinnaren i plystre-VM får 100 000 dollars i moneys.
Elendig nytt: Harry plystrar like surt som ei sursild.
Og kva er eigentleg «løøv» for noko rart?

Illustrert av Per Dybvig

Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk.

Les også:
Harry og Ivar finn opp krutet
Harry og Ivar tryllar jula inn
Harry og Ivars detektivbyrå

Lars Mæhle

Du likar kanskje desse

Sist sett på