Hareides fall: trettiseks dagar som endra norsk politikk
Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar i denne tida. I «Hareides fall» fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane denne skjebnetunge hausten, om striden mellom Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde undervegs. Kva får ein populær politikar til å sette posisjonen og karrieren sin på spel, slik Hareide gjorde?
«Hareides fall» er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på.
Meldingar
«Erstad er ein drivande god skribent, her er temperatur og rettferdig harme, og han er ærleg inntil det sjølvutleverande. Så open tale er ikkje daglegdags i norsk politikk, i alle fall ikkje i KrF.»
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
«Emil André Erstad skriver godt. Det er driv over fortellingen hans hele veien og de scenene han tegner opp skildres på en svært levende måte»
Vegard Selbekk, Dagen
«et fascinerende stykke politisk samtidshistorie»
Magnus Takvam, NRK
«Verdifullt innblikk i en mislykket endringsprosess»
Åshild Mathisen, Morgenbladet
«[n]ok en gang får vi belyst at partipolitikk på dette nivået ikke er noen søndagsskole, uansett hva partier ellers måtte stå for. ( ... ) Blir det litt feil her å legge til at mannen skriver som en gud?»
Jon P Knudsen, Fædrelandsvennen
«interessant innblikk i hvor hardt man kjemper for noe man tror på.»
Tone Sofie Aglen, VG
«Jeg anbefaler denne.»
Knut Arild Hareide
Emil André Erstad
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO