Folket sa nei: norsk EU-motstand frå 1961 til i dag

Dag Seierstad |
Innbunden | Sidetal: 320 | ISBN: 9788252178128

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr
I november 2014 er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen. Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994.

Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst - gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra - og korleis blei EU-motstanden organisert?

Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt?

Boka er gjennomillustrert i fargar.

Bla-i-boka

Dag Seierstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på