Fangar i natta: spenningsroman

Atle Hansen |
E-bøker | Sidetal: 73 | ISBN: 9788252191851

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Ein morgon då Martin kjem ned til jolla si, er påhengsmotoren borte. Tjuvar har vore på ferde og stole fleire motorar i båthamna. Samstundes er Anna i skogen, og kjem fram til eit hus der det ikkje har budd folk på mange år. Folk seier det spøkjer der. Brått dukkar det opp ein mann i døra. Anna har aldri sett han før.

Fangar i natta er ein spenningsroman for dei frå 10 år. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Det kvite pulveret og Skatten i Skutevika.

Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.

Atle Hansen

Du likar kanskje desse

Sist sett på