Dumme, dumme hjarte: roman

Linda Klakken |
E-bøker | Sidetal: 152 | ISBN: 9788252192599

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Kjærleiken er noko drit, synest Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget - og hamnar opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på når det byrjar ei ny jente i klassen. For Marie Lindkvist danser ballett som om det står om liv og død. Ja, ho danser som om det er hennar siste dans her på jorda.

Linda Klakkens første bok for barn er ei historie om den første, store forelskinga. Om klassefestar, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk.
Linda Klakken (f. 1979) er forfattar, skolebibliotekar og journalist. Ho er frå Ålesund og bur i Oslo.

Meldingar

Linda Klakken

Du likar kanskje desse

Sist sett på