Bli mor no?

Kristina Leganger Iversen |
E-bøker | Sidetal: 253 | ISBN: 9788252198706

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
Eit forsøk på å finne ut kva det vil seie å vere mor.

Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av - for kven blir ein om ein blir mor?

Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem.

I «Bli mor no?» skriv Kristina Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder - historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.

Meldingar

Kristina Leganger Iversen

Du likar kanskje desse

Sist sett på