24 i sekundet

Bjørn Sortland |
Innbunden | ISBN: 9788252152111

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price230 kr

Her kjem den etterlengta tredje biletboka som radarparet Sortland og Elling lagar saman om kunst - denne gongen om film. Hovudpersonane frå dei to føregåande bøkene er saman om opplevinga her: Oda og Henrik er på julebesøk hos onkel Pål, som tidlegare har jobba i Hollywood og har loftet fullt av filmutstyr og rekvisittar. Der finn dei blant anna to Chaplin-hattar som dei set på seg, og vips - så er dei inne i ein stumfilm frå 20-åra.

Vi følgjer dei to inn i ei fiktiv verd og blir presentert for personar og filmar som har skapt premissa for film-mediet: Chaplin og Bergman, Kurosawa, Eisenstein og Orson Welles, Casablanca og Ben Hur, King Kong og Tarzan osv., osv. Her går det an å lære ein masse og ha det kjempespennande samtidig dei to opphavsmennene er velopplagde som aldri før.

Bjørn Sortland

Du likar kanskje desse

Sist sett på