Last ned omslag

Bla-i-boka

Ungen

Aina Basso

Verdien av eit barn

Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt.

Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.

Frå Bokmeldingar

«Vekslende relasjoner til barna er uhyggelig godt skildret. Basso kombinerer gode dialoger og enkle, ordknappe skildringer med en relativt kompleks kronologi, som framstår gjennomtenkt. [...] Romanens styrke er at den [...] konsentrerer seg om et psykologisk-realistisk portrett av Anna. Kvinnen noen ville kunne kalle et monster, skildres som et vanlig menneske – i en utsatt, sårbar posisjon. Den triste, men litterært overbevisende konklusjonen er at Anna kunne vært hvem som helst.»
Tom Egil Hverven, Klassekampen

Aina Basso har i romanen skapt drivande fiksjon av kvinneskjebnene i ei grufull kriminalsak. [...] Det er eit sug i teksten, der for kløktig held att informasjon. Samstundes er det ei leseoppleving som gjer kroppsleg vondt. [...] Dette er ein roman det vanskeleg å legge frå seg før den siste sida er vend. Håvard Klyve Parr, Synste Møre



Meir frå Aina Basso