{"title":"25 % rabatt med LNK-kortet","description":"\u003cp\u003eMed LNK-kortet får du 25 % rabatt på eit stort utval bøker frå Samlaget. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eBruk rabattkoden LNK25 i handlekorga. \u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRabatten kan ikkje kombinerast med andre tilbod.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHar du spørsmål? Send gjerne ein e-post til ordre@samlaget.no.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"m-train","title":"M train","description":"Dei uforgløymelege reisene og møta til ein legendarisk artist. M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. \n \nHo inviterer oss inn i sin New Yorkkvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. \n \nM Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. \n \nTil norsk ved Brit Bildøen. ","brand":"Patti Smith","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736990380183,"sku":"9788252189087","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DGd6zwrve4cCpzHCipnX9cOzzzQVI41nu72L0Xks.jpg?v=1716512443"},{"product_id":"fredlaus-2","title":"Fredlaus","description":"Eg som hadde trudd eg skulle vere åleine her, og så var det eit renn av folk!\n \nOg brått fekk eg igjen ei kjensle av at eg ikkje var åleine. Det er ikkje ei slik kjensle eg bruker å få, som regel veit eg når eg er åleine og når eg ikkje er det. Det var vel faktisk første gong eg hadde denne kjensla. Eg visste at i skogen skal ein stole på kjenslene sine. På instinkta og på dei indre røystene. Og ein skal sove lett, alltid med ei ladd børse ved sida av senga.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737018888343,"sku":"9788234004278","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DgVnG3UiFPEH6rmnGjvXyT6JZUWisSaCAuKMaC1Z.jpg?v=1716488773"},{"product_id":"nyryddinga","title":"Nyryddinga: roman","description":"Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019314327,"sku":"9788234004292","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qc6r1PhQoQEMlX7nihTLblJOA7FrDqSoSmRV8VAP.jpg?v=1716488777"},{"product_id":"mercedes-1","title":"Mercedes","description":"Det er ikkje så lett når ein enno ikkje har fylt 14 og mora forsvinn etter at faren har prøvd å treffe henne med kaffikanna.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019609239,"sku":"9788234004315","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/HJyvRIycWOp5gPGQq2220zrIL9x0fzIbNxhNMKZx.jpg?v=1716488785"},{"product_id":"septologien-iii-v-eg-er-ein-annan-2","title":"Eg er ein annan","description":"Andre bok i «Septologien»\n\nKunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.\n\nMedan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.\n\nI andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.\n\n«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.\n\nNominasjonar og prisar til Septologien:\n\nDet andre namnet:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2020\nLanglista til The International Booker Prize 2020\nNominert til Kritikarprisen 2019\nNominert til Brageprisen 2019\nNominert til Stadsteaterns Internationella pris\nNynorsk litteraturpris 2019\n\nEg er ein annan:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2021\nNominert til Kritikarprisen 2020\n\nEit nytt namn:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2022\nKortlista til The international Booker Prize 2022\nFinalist til National Book Award 2022\nKritikarprisen 2021\nBrageprisen 2021","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737020493975,"sku":"9788234004728","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OsaU1swfx72RqZJMg7NANJJaCXIs7EFUXlBLk4Qv.jpg?v=1716515824"},{"product_id":"livvakt-pa-innsida-av-politiets-sikkerheitsteneste-pst-1","title":"Livvakt: på innsida av PST","description":"Med pistolen klar.  \n \nEnkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. \n  \nVi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?  \n  \nHistoria til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.","brand":"Simon Frammarsvik Solheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737026424983,"sku":"9788234000720","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LnNlQhf97ceWJ4KQtt7TzZY7SM6QVy8tJdg34na7.jpg?v=1716487672"},{"product_id":"lars-berg-rikspornograf-og-kulturforkjempar","title":"Lars Berg: rikspornograf og kulturforkjempar","description":"Dristige bøker frå radikal kulturprofil. \nLars Berg (1901-1969) debuterte som romanforfattar i 1934. Dei første romanane vekte stor oppsikt og blei storseljarar. Dei handla om impotens og seksualangst og om stor seksuell appetitt. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk tilnamnet rikspornograf. Han blei meld til politiet, men blei frikjend. Berg skildra seksualiteten som ei positiv kraft som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar. Det gjorde Lars Berg til den mest radikale norske forfattaren i 1930-åra, og for si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Under krigen sat Berg på Grini, og dei påstått umoralske bøkene hans hamna på indeks og blei fjerna frå bibliotek og bokhandel. \n \nLars Berg skreiv realistiske romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø. Fiskarliv, jordbruk og lærargjerning stod sentralt, noko Lars Berg hadde førstehandskunnskap om. Målmannen Lars Berg arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Han kjempa for at Nord-Noreg skulle ha eit like godt og mangfaldig kultur- og utdanningstilbod som resten av landet. Mellom anna slost han for at landsdelen skulle få eit eige teater. Lars Berg blir rekna som Hålogaland Teaters far.","brand":"Jan Olav Gatland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737028489367,"sku":"9788234002861","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Dje5lH2TsGpyTdM9BhG6qFWleY5fYhZxNHORKZ67.jpg?v=1716488335"},{"product_id":"der-det-finst-fuglar-roman","title":"Der det finst fuglar: roman","description":"Ein litterær pageturner. \n \n«Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. \n \nFor å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? \n \n«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. \n \nFrå dansk ved Ingvild Holvik.","brand":"Maren Uthaug","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737129021591,"sku":"9788234000836","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/C5hbyHqV5DdydokxVqQOz67Z2lYDmF0S4KEWVpE0.jpg?v=1716487696"},{"product_id":"naustet-2","title":"Naustet: roman","description":"I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda på ferie. Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande og suggererande stil. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død. Sommardagane får ein brutal ende, uroa hjå eg-personen blir ikkje til å halde ut, og han bestemmer seg for å skrive ein roman.\n\nNaustet kom første gong ut i 1989 og var eit gjennombrot for Jon Fosse. Opningsreplikken i romanen har vorte ein klassikar.\n«Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.»\n\n\n«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» \nFrå grunngjevinga til Svenska Akademien.\n\n«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»\nAnders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.\n\nOm Naustet:\n\n«Han viderefører arven fra Vesaas.»\nSimen Skjønsberg, Dagbladet\n\n«Allerede i denne tidlige roman, som er blevet en norsk nyklassiker, havde han udviklet det lavmælte til perfektion.»\nKlaus Rothstein, Weekendavisen\n\n«Psykodrama»\nTove Valmot, VG\n","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737130791063,"sku":"9788252176650","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DEYS9EQ8ne66fWR6SlGa2CZOc70OZ3ynl5Y9in3g.jpg?v=1716516081"},{"product_id":"melancholia-i-ii-roman-1","title":"Melancholia I-II: roman","description":"\u003cem\u003eMelancholia I-II\u003c\/em\u003e er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), målaren av lyset. Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf i 1853, den dagen han blir kasta ut frå hybelen sin fordi han har forelska seg i dottera i huset. Vi møter han igjen julaftan 1856, den dagen Hertervig rømmer frå Gaustad etter å ha vore innlagd i to år. I Melancholia I-II er vi i Stavanger i 1902. Hovudpersonen er ei fiktiv søster til Lars Hertervig, Oline. Lars er død, men gjennom det skrøpelege minnet hennar opplever vi episodar frå livet hans.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFrå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse: «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eOm \u003cem\u003eMelancholia I-II\u003c\/em\u003e:\u003cbr\u003e«en helt praktfull roman» Henning Hagerup, Klassekampen\u003cbr\u003e«Den beste romanen jeg har lest det siste året.» Karl Ove Knausgård, Klassekampen\u003cbr\u003e«et sprogligt kunstværk, der bliver sin egen autonome størrelse, en kværn, der maler sine ofre, så skøn musik opstår» Torben Brostrøm, Information\u003cbr\u003e","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737131020439,"sku":"9788252176667","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jbDvKsMYA7lDccy6g41vJEQL4Xq3NInQtU3V4ff4.jpg?v=1716516084"},{"product_id":"tonje-glimmerdal-4","title":"Tonje Glimmerdal","description":"Tonje Glimmerdal er einaste barnet i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett på lenge. Bestevennen til Tonje er biske Gunnvald på 74 år, og dei to kjenner kvarandre ut og inn.  \nEller gjer dei eigentleg det?  \nEin dag finn Tonje ut at Gunnvald har halde noko stort hemmeleg. Medan våren kjempar med snøen og får fjella til å glitre og elva til å buldre, kjempar Glimmerdalens vesle dunder for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: Fart og sjølvtillit! \n \n «Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!» \n \nOpplesing: Maria Parr","brand":"Maria Parr","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737133248663,"sku":"9788252194609","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_a1d342f5-c963-40c7-820d-232d47af010d.jpg?v=1749715467"},{"product_id":"med-berre-nevane-eit-forsvar-for-praktisk-arbeid","title":"Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid","description":"Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne. Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro.  Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet? På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.","brand":"Siri Helle","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737133707415,"sku":"9788252196665","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/3LhfzZXqyhqLfqxbtbaCpyfuguarwag8kOzi4mqB.jpg?v=1716514189"},{"product_id":"det-kvite-kortet-eit-skodespel-i-ei-akt","title":"Det kvite kortet: eit skodespel i éi akt","description":"Den usynlege kvitheita.  \nKvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av «Medborgar», sitt nye stykke, «Det kvite kortet». Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase.  \n \nSamtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg. «Det kvite kortet» er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi. \n \nFrå engelsk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.","brand":"Claudia Rankine","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737134461079,"sku":"9788234001765","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/p6XJBIzRdzL0mBLJ0alS0Fj6IIeS3EA4h5c7GEH8.jpg?v=1716487953"},{"product_id":"seljefloyta-dikt","title":"Seljefløyta: dikt","description":"Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong! I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset «Seljefløyta» til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljefløyta er 24 dikt henta frå det opphavlege manuset. Med i boka er også einskilde dikt frå 1940-1979: Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. For første gong blir dette materialet samla i bokform, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge. \nUtvalet er redigert av Bodil Cappelen.","brand":"Olav H. Hauge","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737134788759,"sku":"9788252195927","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/db57Nm6ZDoIZScWW4ElaZSLe8kknbLjMTyl4bUKU.jpg?v=1716514044"},{"product_id":"ferdaminne-fra-sumaren-1862","title":"Ferdaminne frå sumaren 1860","description":"Klassikar i norsk litteratur.\nFerdaminne frå sumaren 1860 er rekna som Vinjes viktigaste verk. Boka er forma som eit reisebrev frå den store noregsreisa Vinje gjorde i 1860. Ho er halden i kåserende form, med lyriske innslag, og inneber eit brot med det romantiske synet på bonden. Her finn lesarane underhaldande skildringar, dikt og agronomiske utgreiingar om kvarandre. Dette pionerverket i norsk journalistikk inneheld òg den lyriske perla Ved Rondane.","brand":"Aasmund Olavsson Vinje","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737136394391,"sku":"9788252196795","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/WBZFD9khH7ACw4py4lQF7XqHw873Wxh6r2zjjjsk.jpg?v=1716514214"},{"product_id":"og-skipet-siglar-vidare-roman","title":"Og skipet siglar vidare: roman","description":"Eit skip siglar på fjorden, ein doktor deler ut medisin som skal halda folk friske. Men ein etter ein dør dei og blir kasta ut i fjorden, berre med ei bok på brystet og med eit dekke av fiskeskinn. Poll overtar vaskejobben på skipet etter sistemann som gjekk i fjorden. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under senga. Der ligg bøkene. Poll har aldri sett i ei bok før. Kan det skada om han opnar ei av dei? \nOg skipet siglar vidare er forteljinga om mannskapet på eit skip, som ikkje kjenner noko anna enn dette skipet og kvarandre, havet under dei og himmelkvelven over. Ein eventyrleg roman om det å finne sin plass i verda.   \nMads Rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Og skipet siglar vidare er hans første bok.","brand":"Mads Rage","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737145438359,"sku":"9788252195026","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/wAKL2rGJjfhMSugNdzlw4HhyyyMnSeMmaHgf04A7.jpg?v=1716513795"},{"product_id":"eit-ar-med-elena-ferrante-spaltene-fra-the-guardian-i-samling-1","title":"Eit år med Elena Ferrante: spaltene frå The Guardian i samling","description":"Meisterlege artiklar frå Ferrante. Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid, særleg kjend for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største aviser, The Guardian, gav henne eit spanande oppdrag: å skrive ei fast helgespalte gjennom eit heilt år. Her får du tekstane samla. Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i: om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantevekstar til klimaendringar, frå beundring for ei kjend filmstjerne til redselen for å flytte og om kvinnefrigjering i eit enno mannsdominert samfunn.  \n \n«Eit år med Elena Ferrante» er ei skarp og vittig bok og eit must for alle Ferrante-fans.  \n \n«Eg høyrer til den kategorien menneske som ikkje liker seg sjølv, verken på foto eller film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn. [...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje likna det minste på det bildet eg hadde av meg sjølv.»","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737146650775,"sku":"9788234001789","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Xo57Jc2jfZ7PfTZMFYB23a8HTjFxQOq5i24IOijQ.jpg?v=1716487957"},{"product_id":"fra-nora-til-karl-ove-og-84-andre-personar-i-norsk-litteratur-1","title":"Frå Nora til Karl Ove: og 84 andre personar i norsk litteratur","description":"Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro har nylese mengder av norsk skjønnlitteratur og valt å portrettere og skildre korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i fleire v dei beste norske bøkene hgjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar». \n \nHer får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Oskeladden, Wergelands Stella og Petter Dass i eigen person. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incestofferet Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemner Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong. \n \nFrå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekka for gamle og nye lesarar. \n \nJan H. Landro (f. 1948) er tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur. Landro er i dag frilansjournalist og ein populær «bokbadar» og føredragshaldar.","brand":"Jan H. Landro","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737147797655,"sku":"9788252194739","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6eyCDNNEwf3rGa6jIKqTsqHjonl0w0aU2oz5rspb.jpg?v=1716513724"},{"product_id":"historia-om-det-tapte-barnet-moden-alder-alderdom-roman","title":"Historia om det tapte barnet: moden alder - alderdom : roman","description":"Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap. \n \nDette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store drama i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom.  \n \nElena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg!  \n \nMed Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting. \n \nDen fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».   ","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737169948823,"sku":"9788252188806","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/dXWumBfXzkPcwHaPDFYpAY97L6Yc5N8TLiesaEDH.jpg?v=1716512370"},{"product_id":"eg-er-eg-er-eg-er-dikt-for-barn-1","title":"Eg er eg er eg er: dikt for barn","description":"Nominert til Brageprisen og Kritikarprisen 2016. \n \nGjennom trettini dikt skildrar «Eg er eg er eg er» korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.   \n  \nBrageprisvinnar Ruth Lillegraven som har fornya samtidslyrikken for vaksne, viser med «Eg er eg er eg er» at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av. Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.","brand":"Ruth Lillegraven","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737174765719,"sku":"9788252190144","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QeBRQHjoqNNUVtpdPL5YO4n1kfSYddpDsoVwbid4.jpg?v=1716512628"},{"product_id":"historia-om-det-nye-namnet-unge-ar","title":"Historia om det nye namnet: unge år","description":"Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet. \n \nHistoria om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. \n \nOmsett av Kristin Sørsdal. ","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737175486615,"sku":"9788252188448","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/vknNbn00ZmRTRJjI3OHMXtFZIed8dUXCrQ86uL4w.jpg?v=1716512300"},{"product_id":"poesiar-etter-henrik-wergeland-dikt-1","title":"Poesiar: etter Henrik Wergeland : dikt","description":"Då Jon Fosse 2011 flytte inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturintesserte nordmenn flest. Han gjekk  \ni gang med å lesa meir både om og av den tidlegare Grotte-buaren. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg ved lyrikken hans.  \nFosse las og noterte sitat og anna i margen attmed dikta til Wergeland. Desse notata er utgangspunktet for denne samlinga. Jon Fosse har skrive eigne dikt ut frå det han har teke med seg frå Wergelands lyrikk. Dette er skrift over skrift. Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna. \n \nJon Fosse (f. 1959) voks opp i Strandebarm. Han bur no i Statens æresbustad for fortente kunstnarar, Grotten i Oslo. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart, og har seinare skrive over tretti skodespel, mellom anna Nokon kjem til å komme, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjetunge prisar og blir rekna som ein av våre største og viktigaste samtidsforfattarar.","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737176633495,"sku":"9788252190496","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6NVFJ2gVWS0fnYIM4kmnicoUuBYilsbwPYcA4NcL.jpg?v=1716512738"},{"product_id":"mysteriet-i-trua-ein-samtale-mellom-jon-fosse-og-eskil-skjeldal-1","title":"Mysteriet i trua: ein samtale mellom  Jon Fosse og Eskil Skjeldal","description":"I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd? \nTeologen og katolikken Eskil Skjeldal samtalar med Fosse om vegen fram til konverteringa. Dei snakkar om tru og Gud, om åndelege og mystiske opplevingar, om skriving, alkoholisme og sjukdom, om litteratur og kunst, kvardagen som katolikk og om kva Fosse tenkjer om standpunkta til den katolske kyrkja. Her kjem du tett på både Fosse og trua. Boka byggjer på samtalar, men svara er gjennomskrivne av Jon Fosse og mange av dei er \nsom små essay. ","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737177092247,"sku":"9788252187199","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/mg7gr5SYVg82TtXa45D0QYC473usUb6wUNoSEY5c.jpg?v=1716512022"},{"product_id":"det-enkle-og-det-einsame-1","title":"Det enkle og det einsame","description":"Asta Olivia Nordenhofs diktverk overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat. Samstundes tek dikta opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Det handlar om å miste foreldra sine i ung alder, om ein far som slo, om prostitusjon, om Danmarks institusjonar og politiske oppløysing. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og vekslar suverent mellom glede, desperasjon, ømheit, indignasjon, humor og raseri. Frå dansk ved Anna Kleiva. \n \nAsta Olivia Nordenhof (f. 1984) debuterte med romanen Et ansigt til Emily (2011). Hennar andre bok, det nemme og det ensomme, kom i 2013. For denne blei Nordenhof tildelt den prestisjefylte danske Montanas Litteraturpris.","brand":"Asta Olivia Nordenhof","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737178763415,"sku":"9788252190182","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/YUn1kmCG1jdVRYJRIfRcRG8MN5TKjesCdXT0oeUu.jpg?v=1716512648"},{"product_id":"den-svartkledde-jenta-roman","title":"Den svartkledde jenta: roman","description":"Bekmørk og iskald grøss \n \nHanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne.  \n \nJenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. \n  \nKven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna? \nOg kor kjem dette forferdelege skriket frå? \n \nBoka er del av GRØSS OG GRU - ein grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"A. Audhild Solberg","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737202782359,"sku":"9788252198201","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/vM5t8h0x4HXDPmnZVcCnAc56OfQZ5kZEsFCASaK1.jpg?v=1716514582"},{"product_id":"visste-du-at-basj-leseland-niva-1","title":"Bæsj","description":"Visste du at eit menneske bæsjar eit heilt badekar med bæsj kvart år? Og visste du at tjukktarmen er over ein meter lang? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om bæsj. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Hanne Sigbjørnsen.\n\n«Visste du at ...? BÆSJ» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737237581975,"sku":"9788234001383","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/H1YqVZr9eHyrpCHJHviAEOOZLjd6Le4sOrGV8Hgz.jpg?v=1716487858"},{"product_id":"ser-du-dette","title":"Ser du dette?: roman","description":"Nakenbilete på avvegar.   \n  \nAnna har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg.   \n  \nAnna har reist frå eit rykte. Ho må starte på nytt. Med ny skule og nye venner. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne?   \n  \n«Ser du dette?» handlar om Anna og eit nakenbilete som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.","brand":"Sigrid Agnethe Hansen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737238892695,"sku":"9788234001802","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/CFzTLGtfiHVjwgLfVTN9T1azstqghNadumXkXW3Z.jpg?v=1716487961"},{"product_id":"eg-larer-mor-mi-a-fode","title":"Eg lærer mor mi å føde: dikt","description":"Krigens brutalitet i rå kjensler.  \n \nDen kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016.  \n \nBoka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten.  \n \nKroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk.  \n\nGjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.","brand":"Warsan Shire","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737240629399,"sku":"9788234000942","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/T7y4uRGCsxSYOdW8ir1T9noFhg94200OvgYUuXJq.jpg?v=1716487742"},{"product_id":"der-det-finst-fuglar","title":"Der det finst fuglar: roman","description":"Eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. \n \nFor å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? \n \n«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. \n \nFrå dansk ved Ingvild Holvik.","brand":"Maren Uthaug","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737241481367,"sku":"9788234000829","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jfoAZ6bDC6SawxItUYnOGskwZePmmqiN1B506CaY.jpg?v=1716487721"},{"product_id":"bergtatt","title":"Bergtatt","description":"Jenta som lokkar i skogen. \nI den nye klassen til Leo sit ei jente med grøne augo for seg sjølv heilt bakarst. Det er noko med augo hennar som gjer at han heile tida lengtar etter henne. Kven er ho? Kvifor går ho kledd så annleis, og kvifor luktar ho myr og skog? Snart viser det seg at jenta også er interessert i Leo. Men før han kan få henne, må han gjere noko grufullt, noko som vil endre han for alltid. \n\n«Bergtatt» er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Selma Lønning Aarø","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737242267799,"sku":"9788234002021","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/T0zVRMNT5Um3b0VSaUNNd2QR738P1vW9w8WmsW97.jpg?v=1716488062"},{"product_id":"du-er-ikkje-normal","title":"Du er ikkje normal: noveller","description":"Leikent og melankolsk om å stå utanfor og kikke inn.\nI Sortlands nye novellesamling møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som forsøkjer å vere i forkant av trendane som stadig dukkar opp, og kjøper inn utstyr for fuglekikking. Den tidlegare alkoholikaren som har vore nykter i eitt år og dreg på klatretur med ein kamerat, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans eige liv.  \n \nDei prøver alle å finne ut av ting og spreller litt når livet dreg dei med seg i uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar som alltid ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn. ","brand":"Gaute M. Sortland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737243840663,"sku":"9788252198607","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/599wlsjIgMPT820FiTDGOpZom5dTjqiIJb0KXqan.jpg?v=1716514709"},{"product_id":"heksa-galla-leseland-niva-4","title":"Heksa Galla","description":"Skumle barn og livredd heks! \n \nHeksa Galla er livredd barn. Særleg dei som luskar rett utanfor huset. Når Galla ser barn, blir ho så redd at magien ikkje fungerer. Ho får ikkje til å trylle dei vekk!  \n \nGalla må få dei nysgjerrige ungane til å forsvinne, og legg ein plan for å bli kvitt dei for godt.  \n \nHeksa Galla er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. \n \nLeseland. Nivå 4.","brand":"Pia Strømstad","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737255735447,"sku":"9788252195798","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hrmpOK7j9OSqZteABHj3cdI1F6dAwDjrLXLzSUl8.jpg?v=1716514005"},{"product_id":"sosken-til-evig-tid","title":"Søsken til evig tid","description":"Ei reise 50 år tilbake i tid! \nFilmane om Oddny og Magnar på Kleiva er sett av nesten to millionar. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. Journalist Ivar Longvastøl tek oss med tilbake til Naustdal og fortel meir om søskenparet. \n\nOddny og Magnar var dei to yngste i ein søskenflokk på fire. No er det berre dei att, og dei har ingen etterkommarar. Livet har handla om plikt og hardt arbeid. Kva tenkjer dei om livet sitt, og korleis blei det som det blei? Har dei drøymt om noko anna? Og kva tankar gjer dei seg om den dagen dei begge er borte?","brand":"Ivar Myklebust Longvastøl","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737256423575,"sku":"9788252197587","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/GDzRdm09er7GRVhUM4nSUJG21nCin6x5V7QnqWV4.jpg?v=1716514442"},{"product_id":"bestem-deg-tony-t-bestem-deg","title":"Bestem deg, Tony T, bestem deg!","description":"Engasjerande om flukt og handlekraft. \n \nTony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg på loftet til bestefar? Og kven held kva skjult? Tony opplever for første gong sjølv å måtte finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti. \n \nForfattar Erna Osland og illustratør Sigbjørn Lilleng har i tekst og bilete laga ein lettlesen illustrert roman om rett og gale og det imellom. \n \nUtvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737266417815,"sku":"9788252192629","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6lp5cYzuBcFHuppo6GDb26loL2GLtiNE1Yf6CU2h.jpg?v=1716513182"},{"product_id":"nynorsk-ordliste","title":"Nynorsk ordliste","description":"Ordlista presenterer oppslagsorda med fulle bøyingsformer, har ein grammatikkdel og gir råd om god målføring, har forkortingsliste og liste over bokmålsord med nynorske synonym.","brand":"Alf Hellevik","offers":[{"title":"Tekstilbok","offer_id":36737271201943,"sku":"9788252181647","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LYrN1kcbXeX45Q68GOard6JdeR0EQCli0NUF3Nkf.jpg?v=1716510564"},{"product_id":"supersterk","title":"Supersterk","description":"Morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar! \n \nI denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar ... \n \nTeksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon.  \n \nSupersterk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. \n\nLes også:  \nSuperrask \nSupersmart \n \nLeseland. FAKTA. Nivå 3.","brand":"Dan Höjer","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737273528471,"sku":"9788252190830","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/2bayzqSH2E5w04Jtw191ChcC6BbhP5ujlgXsfYfE.jpg?v=1716512833"},{"product_id":"alle-mann-i-forsvar","title":"Alle mann i forsvar!","description":"Barcelona spelar aldri feigt! Så kva gjer Barcelona-gjengen når dei får beskjed om å spele alle mann i forsvar? \n \nBarcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt. \n \nAlle mann i forsvar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. \n \nLeseland nivå 3. ","brand":"Atle Berge","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737277067415,"sku":"9788252189223","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hi4i9sblnbp267tQqB5JrBsb1JOL8IkDHkFYSx4W.jpg?v=1716512469"},{"product_id":"den-forelska-frosken","title":"Den forelska frosken","description":"Frosken kjenner seg så rar, han veit ikkje om han er glad eller lei seg og hjartet bankar fortare enn vanleg. Haren seier at frosken er forelska, og frosken forstår at han er forelska i anda. Da tek han til å undra på korleis han kan få vist anda at han er glad i henne.","brand":"Max Velthuijs","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737278279831,"sku":"9788252161441","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/AR4sqg6NnnhQrJ2WAvpPiT2nRq1C0t7dORWxwuB1.jpg?v=1716504113"},{"product_id":"norsk-stadnamnleksikon","title":"Norsk stadnamnleksikon","description":"Boka forklarer tyding, opphav og bruksområde og gjer greie for uttalen av 6000 stadnamn. Boka dekkjer alle viktige administrative einingar, har med mange samiske stadnamn, inneheld innføringartiklar om stadnamn og presenterer gjeldande lovverk.","brand":"Jørn Sandnes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737280278679,"sku":"9788252149050","price":579.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"fyr-og-flamme","title":"Fyr og flamme","description":"","brand":"Kjartan Fløgstad","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737280442519,"sku":"9788252147735","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"women-of-vision-an-anthology-of-texts-by-women-writers-from-the-mid-nineteenth-century-to-the-present-day","title":"Women of vision","description":"","brand":"Gerd Bjørhovde","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42259670794461,"sku":"9788252125290","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"walkman-tolv-dagar-musikk","title":"Walkman","description":"","brand":"Einar Økland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42259670761693,"sku":"9788252130805","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"wagalla-massakren-noreg-i-tyranniets-aerend","title":"Wagalla-massakren","description":"","brand":"Jostein Bjørndal","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42259670728925,"sku":"9788252131277","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"ville-vestland","title":"Ville Vestland","description":"","brand":"Ivar Kvåle","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737287815319,"sku":"9788252130676","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/products\/Ville-Vestland.jpg?v=1601535057"},{"product_id":"vetle-johan-sliparn-og-livet-vestafor-folkeskikken","title":"Vetle-Johan Slipar'n og livet vestafor folkeskikken","description":"","brand":"Ivar Kvåle","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42259670663389,"sku":"9788252145779","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"vesle-lasarus-fra-tormes-hans-medgang-og-motgang-i-livet","title":"Vesle Lasarus fra Tormes","description":"","brand":"Sigmund Skard","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42259670630621,"sku":"9788252138894","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"verda-pa-skjermen-om-nyheiter-og-fjernsyn","title":"Verda på skjermen","description":"","brand":"Ingunn Hagen","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42259670499549,"sku":"9788252141078","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"vennskapsproven","title":"Vennskapsprøven","description":"","brand":"Bente Bratlund Mæland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42259670466781,"sku":"9788252151107","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"ved-roma-port","title":"Ved Roma port","description":"","brand":"Kjartan Fløgstad","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42259670434013,"sku":"9788252144680","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"vatt-og-svart","title":"Vått og svart","description":"","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42259670368477,"sku":"9788252143737","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/25-rabatt-med-lnk-kortet.oembed?page=66","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}