Last ned omslag

Bla-i-boka

Eit år med Elena Ferrante. Spaltene frå The Guardian i samling

Elena Ferrante

Meisterlege artiklar frå Ferrante

Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid, særleg kjend for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største aviser, The Guardian, gav henne eit spanande oppdrag: å skrive ei fast helgespalte gjennom eit heilt år. Her får du tekstane samla.

Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i: om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantevekstar til klimaendringar, frå beundring for ei kjend filmstjerne til redselen for å flytte og om kvinnefrigjering i eit enno mannsdominert samfunn.

Eit år med Elena Ferrante er ei skarp og vittig bok og eit must for alle Ferrante-fans.

«Eg høyrer til den kategorien menneske som ikkje liker seg sjølv, verken på foto eller film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn. [...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje likna det minste på det bildet eg hadde av meg sjølv.»

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Frå Bokmeldingar

Terning 6 «Noen ganger kommer stor skrivekunst forkledt som en ganske alminnelig spalte i en dagsavis. [...] en varig lesefest i 51 korte akter.» Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad

«Som alltid kjemper hun for den spesifikt kvinnelige erfaringsverdenen og mot å reduseres til gjenstand for mannlige blikk. Her vinner hun fram. Når hun skriver om sammenhengen mellom fiksjon og løgn, er hun inne på felter hun har tenkt mye rundt. Teksten om hvordan hun begynte å juge i dagboka etterhvert som hun vokste opp, gir en god innfallsvinkel til å forstå nødvendigheten av fiksjon.» Jon Rognlien, Dagbladet







Meir frå Elena Ferrante