Etikk for barnehagelærarar
Dette er nokre av dei etiske utfordringane som blir drøfta i Etikk for barnehagelærarar. Forfattaren drøftar situasjonar ein barnehagelærar kan kome ut for, og kva typiske etiske dilemma ein kan møte. Tema som blir behandla er mellom anna profesjonell integritet, tilhøvet mellom dei ulike yrkesgruppene i barnehagen, barns rett til medverking og rettferd i fordeling av tid. Etiske omgrep og teoriar blir forklart og drøfta med utgangspunkt i eksempel frå barnehagekvardagen.
Boka legg vekt på å veksle mellom praktiske situasjonar og gjennomgang av teoretisk stoff. Innleiinga i boka er ein gjennomgang av relevante etiske omgrep for barnehagelærarprofesjonen, etisk medvit i kvardagen og ein gjennomgang av eit utval etiske teoriar og den profesjonsetiske plattforma.
Birte Simonsen (f.1948) er pensjonert lærerutdanner ved Universitetet i Agder. Ho har vært leiar av og undervist i pedagogikk og spesialpedagogikk i barnehagelærar- og lærarutdanning. Ho har leia det etiske rådet til lærarprofesjonen og vore med i den nasjonale fylgjegruppa for barnehagelærarutdanning.
Birte Simonsen
Birte Simonsen (f. 1948) er pensjonert lærarutdannar ved Universitetet i Agder. Ho har vore leiar av og undervist i pedagogikk og spesialpedagogikk i barnehagelærar- og lærarutdanning. Ho har leia det etiske rådet til lærarprofesjonen og vore med i den nasjonale følgjegruppa for barnehagelærarutdanning.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO