Last ned omslag

Bla-i-boka

NATO-komplekset : Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet

Jon Hellesnes

Eit fredeleg naboskap med Russland er avslutta

Under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å overlate mykje av norsk militærpolitikk til Pentagon og hovudkvarteret i NATO. Den enorme dimensjonen til krigsøvinga Trident Juncture markerer at Noreg er blitt ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen. Ei slik markering gjer det også klart at det fredelege, diplomatisk ordna naboskapet med Russland er avslutta.

Det blir også tydelegare at Noreg underordnar seg USAs leiarskap, uansett kva eller kven som er på veg inn i den amerikanske styringseliten, og der er det alt no visse bisarre innslag, for å seie det forsiktig. Aktørar frå den gamle kalde krigen hevdar med god grunn at det er USA som har starta den nye.


ISBN: 9788252198652

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Jon Hellesnes, Nyheiter og populære bøker

Emneknagg: 2019, Nyheit,

Sjanger: Samtid og debatt


Meir frå Jon Hellesnes