Last ned omslag

Bla-i-boka

I for internatunge

Rakel Solstad

Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat

Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar – og om kor stygt barn kan behandle kvarandre.

I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.

Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.

Frå Bokmeldingar

«et emosjonelt trykk, som får leseren til å ønske mer. [...] Vi aner barna, vi aner de voksne, skjelettene i skapet, sprengkulden i internatet når strømmen går, savnet av familie.»
Fartein Horgar, Adresseavisen



Meir frå Rakel Solstad