Last ned omslag

Bla-i-boka

Nynorsk litteraturhistorie

Jan Inge Sørbø

Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur - frå Ivar Aasens tid til i dag!

I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.

Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.

Frå Bokmeldingar

Nynorsk litteraturhistorie er ein åndshistorisk kraftprestasjon ...
Sørbø er god både på store og små flater. Han trekkjer opp dei store rissa, bruker eksemplariske døme og kan gå heilt ned på detaljnivå i tekstane. Analysane imponerer med eleganse og presisjon. Og han treng berre 10–12 linjer til å forklare Georg Brandes, Marcus Monrad og det moderne gjennombrot. Det er pedagogikk og opplysningsarbeid på sitt beste. Knapt nokon andre kunne ha skrive denne boka.
Atle Christiansen, Aftenposten

Generelt tilbyr Nynorsk litteraturhistorie på en fremragende blanding av forskningsformidling, litteraturhistorisk kunnskap, og selvstendige lesninger av enkeltverk.
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Terning 5 Boka er nødvendig og nyttig. Den er dessuten tung nok til at den kan brukes til å slå i hodet på folk som mener at nynorsken bør avvikles.
Fredrik Wandrup, Dagbladet

... entusiasmen han openbert har lese mykje av den nynorske litteraturen med, skin mildt, men klårt gjennom i den sindige framstillinga hans. ... Av alle dei fine formuleringane i boka, er det særleg ei som set ord på gleda eg har kjent ved å lese meg gjennom denne særeigne, men også heilt ordinære litteraturhistoria: «Staden kan vera liten, men det menneskelege mangfaldet stort».
Eivind Myklebust, Klassekampen

Det er knapt mogleg å finne ein betre vegvisar i dette samansette landskapet enn Jan Inge Sørbø. Professoren i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda kombinerer ei imponerande stor oversikt med detaljert innsikt bygd på grundig lesing. I tillegg, og det er ikkje alltid tilfelle i slike praktbøker, står forfattaren fram som ein entusiastisk formidlar som innbyd til å lese nynorske tekstar på nytt eller om igjen.
Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt land

Eit 2,2 kilo tungt og nyskrive verk dokumenterer på imponerande vis den mangfaldige ny- norske skjønnlitteraturen. ... Jan Inge Sørbø presenterer raust og leseverdig dei store namna i den nynorske litteraturen det siste halvanna hundreåret.
Kjetil Tandstad, Sunnmørsposten

Jan Inge Sørbøs imponerende bok er langt mer levende enn litteraturhistorier flest. Helt lysende på sitt aller beste, innsiktsfull og variert med essayistiske kapittelinnledninger, tematiske og historiske fortolkninger, horisontale og vertikale linjer, dypdykk i forfatterskap, analyser av enkeltverk, anekdoter, humor, høystemte og patosfylte bilder.
Cathrine Krøger, Prosa

La det vere sagt: Jan Inge Sørbø har kome godt ut av denne dristige oppgåva. Den fremste kvaliteten ligg i bruksverdien verket presist tilbyr. Sørbøs retorikk er mild og balansert. Han skyr det stridbare og sarkastiske, sjølv om han viser at skrifta på nynorsk til tider har hatt rikeleg av slikt. Til grunn ligg eit imponerande lese- og skrivearbeid. Oversikta er klar med vurderingar som er grunngivne og dermed til å diskutere. Språket er norsk sakprosa prega av det solide og ujålete.
Geir Mork, Dag og Tid

Det var på høy tid at verket kom, det bekrefter nynorskens styrke og nynorskforfatternes mangfold - og er et vektig innlegg for at vi fortsatt skal ha to skriftspråk - og hegne om dialektmangfoldet vårt.
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad




Meir frå Jan Inge Sørbø