Gratulerer med ny lydserie, Thoralf! Korleis kjennest det å debutere som lydserieforfattar?
– Veldig spennande! Det er ikkje berre eg, men ei rekke folk som har jobba hardt for å få serien så bra som mogleg. No håper eg verkeleg lyttarane blir fornøgde.
Det har gått eit år sidan du sende inn eit førsteutkast og sidan har du skrive vidare på serien. Korleis blir det å sleppe han ut i verda og til lyttarane?
– Det blir rart og artig. Når eg sit og skriv er lyttaren eit ufarleg framtidsvesen langt, langt borte, men no er dei plutseleg like i nærleiken. Det er litt skummelt, men først og fremst er det deilig å ha ein ferdig serie, som forhåpentleg nokon skal høyre på, og kanskje til og med bli begeistra for.
Kan du fortelje litt meir om serien? Kva handlar han om og kven møter vi?
– Vi møter Theo, som blir med den rare kompisen sin Bompi og familien hans for å utforske ein ny planet. Det skjer riktig nok ikkje frivillig, men etter kvart forstår både Theo og Bompi at dei må brette opp ermene for å redde romvesena på planeten frå grådige folk på jorda som vil utnytte han til gruvedrift. Og då blir det baluba.
Gode råd for å redde romvesen
For ei veke sidan hadde Theo aldri høyrt om planeten Nox. Men det var før kompisen Bompi fekk uventa besøk. No må Theo rømme frå blodtørstige romvesen og samtidig redde skapningane på Nox frå grådige gruvefolk. Men med hjelp av robothunden Kim kan det vel ikkje gå gale?
Gode råd for å redde romvesen er ein fartsfylt og fargerik spenningsserie for barn mellom 9 og 12 år.

Gode råd for å redde romvesen inneheld flust av rare romvesen og rare språk. Kvar hentar du inspirasjonen din frå og kvar kjem desse fantastiske skapningane frå?
– Eg hentar sjølvsagt inspirasjon frå det fantastiske dyre- og plantelivet på jorda. Ein gong var eg i ein dyrehage og såg ein maurslukarar. Herre min hatt, for eit romvesen! Det går ikkje an å finne nokon merkelegare skapning enn det, men eg prøvar.
Du har tidlegare gitt ut barneromanar for mellomtrinnet, som også finst som fantastiske lydbøker, men korleis var det å skrive noko som berre skulle bli gitt ut på lyd? Måtte du gjere noko annleis?
– Eg måtte prøve å skrive ord som skulle bli sagt høgt, ikkje lesne stille, og det var ganske vanskeleg. Eg likar jo lange, rare, nye ord som er omtrent umogleg å uttale. Men eg trur eg fekk sånn høveleg dreisen på det etter kvart, først og fremst takka vere flinke redaktørar som gjeta meg inn på rett veg.
Denne serien var vinnaren av konkurransen vår – gratulerer igjen! Kva gjorde at du bestemte deg for å sende inn eit bidrag? Hadde du ideen klar allereie?
– Eg hadde ein tanke om å skrive noko småsprøtt om verdsrommet sidan det er ein fin stad å sleppe laus fantasien, men eg ante ikkje at sjangeren lydserie eksisterte. Det var redaktøren min i Samlaget som tipsa meg om konkurransen.
Theo og Bompi sin redningsaksjon ser ikkje nødvendigvis ut til å setje ein stoppar for grådige Normann og styresmaktene. Kva planet og kva romvesen står for tur? Får vi fleire sesongar med redningsaksjonar?
– Om det går bra med Theo og Bompi no når vi slepp dei laus blant folk, skriv eg gjerne fleire sesongar. Fordelen med å legge handlinga til verdsrommet er at det er veldig stort, veldig rart og alltid kan overraske med nye planetar med pussige vesen på.
Når eg sit og skriv er lyttaren eit ufarleg framtidsvesen langt, langt borte, men no er dei plutseleg like i nærleiken.
Kva skriv du på for tida? Kva blir det neste prosjektet frå deg?
– Akkurat no jobbar eg med ein oppfølgjar til debutboka mi Familien Gnork. Eg skal skrive meir om fotball, som eg jo likar så godt. Eg skal gå laus på topping, satsingslag og overivrige foreldretrenarar. Og så blir det sjølvsagt ein god dose absurde situasjonar og merkverdige hendingar. Men aller først kjem det ein hybridroman, atlså ei bok som både er tekst og teikneserie, om ei jente som heiter Fri, som bur på ei heilt anna verd enn jorda. Eg prøver meg altså på fantasysjangeren.
Og til slutt: Du skal redde ein heil planet frå invasjon og du kan berre at med deg ein ting. Bedøvingspistol eller antigravitasjonsstøvlar?
– Bedøvingspistol, heilt klart! Då kan eg hoppe rundt som ein topptrena kenguru og bedøve alt som kjem i vegen for meg.

