Søk om plass på Forfattarskulen – for skrivande med minoritetserfaring

Forfattarskulen
 – for skrivande med minoritetserfaring –

 

Ber du på ein draum om må bli forfattar? Vil du utvikle deg innan skrivekunst? Forfattarskulen er eit gratis tilbod til dei ti elevane som blir plukka ut. Du får møte lærarar og mentorar som er blant våre fremste forfattarar.

 

Skulen går over eitt år med  fem helgesamlingar (fredag–søndag). I tillegg får du oppfølging av ein etablert forfattar mellom samlingane. Første samling er 28.–30. januar 2022. Reise og opphald blir dekt.

Forfattarskulen er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Som søkar må du vere over 18 år og enno ikkje ha debutert som forfattar.

Søknaden skal innehalde eit brev der du fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende 5–10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa skriven  på nynorsk (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus, barnebok).

Nynorsk vil bli arbeidsspråk gjennom kurset, men det er ikkje krav om at nynorsken skal vere feilfri. Vi er opne for søknader både frå dei som allereie har nynorsk som sitt skriftspråk, og dei som har ønske om å arbeide litterært med nynorsk som sitt skriftspråk frå no.

Nokre eksempel på kva vi legg i omgrepet «minoritetserfaring»: Nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.

 

Søknadsfrist 12. november

Søknad skal sendast til

forfattarskulen@samlaget.no 

Første samling blir i Oslo

Første samling er 28.–30. januar 2022. Reise og opphald blir dekt.

 

Har du spørsmål?

Ønskjer du meir informasjon om kursinnhald eller har spørsmål kring søknaden, kontakt Sigmund Løvåsen, forfattarskulen@samlaget.no

ForfattarskulenUtlysing