Forfattarskulen på festspel

Den 9.-12. juni skal Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring på Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda. Fredag kl. 18 deltek fem av studentane i programposten «Minoritetsstemmer i nynorsk litteratur» med samtale og opplesing. Laurdag kl. 16.45 les sju av studentane eigne tekstar i utstillinga i Aasentunet. 

Dette er den tredje samlinga vår. Kvar samling har ein litterær sjanger som hovudtema, denne gongen skjønnlitterær prosa. Gjestelærarar denne gongen er Inger Bråtveit og Sigbjørn Skåden. Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring er eit samarbeidsprosjekt mellom Minotenk og Det norske Samlaget. 

Målsettinga er ein meir mangfaldig nynorsk litteratur og ein rikare offentleg samtale. Vi har fem samlingar gjennom året, i tillegg til at kvar student har ein mentor (etablert forfattar) som kan lese og gi tilbakemelding på tekstar mellom samlingane.

 

 

 

 

Ønskjer du meir informasjon om Forfattarskulen? 

Kontakt: Sigmund Løvåsen, forfattarskulen@samlaget.no