Drøymer du om å bli forfattar? Søk Forfattarskulen!

Samlaget og Minotenk har saman oppretta Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. Dei er no på jakt etter søkarar frå heile landet. Søknadsfrist er 12. november 2021.

 

Forfattaren Sigmund Løvåsen er prosjektleiar for den nye skulen som skal starte opp i januar 2022.

– Det finst mange skriveskular og skrivekurs allereie. Kvifor treng vi Forfattarskulen?

Den blir oppretta ut frå eit ønske om at den nynorske litteraturen og den offentlege samtalen i større grad skal spegle det mangfaldige samfunnet vi er i 2021. Kven er det som fører samtidslitteraturen vår i pennen, kva for stemmer er det som sjeldan er til stades i eller bak bøkene? Det er spørsmål vi som arbeider med litteratur, heile tida må stille oss. Svaret på spørsmåla er denne gongen at vi treng eit tilbod spesielt retta mot enkelte grupper i befolkninga, seier Løvåsen.

– Kven kan søke?

Alle over atten år som har minoritetserfaring, kan søke. Du må skrive eit brev der du fortel kven du er, kva bakgrunn du har, og kva som er motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende mellom 5 og 10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa på nynorsk. Og om du skulle vere nervøs for at nynorsken ikkje er perfekt: Det gjer ingen ting. Forfattarskulen skal vere open både for dei som har nynorsk som sitt skrivespråk i dag, og for dei som ønskjer å nytte nynorsk som sitt litterære språk frå no av. Ein inntakskomité vil vurdere søknadene og plukke ut ti elevar.

 Korleis skjer undervisninga?

Vi skal ha fem helgesamlingar i løpet av året, der vi hentar inn nokre av våre fremste forfattarar som lærarar. I tillegg vil elevane få tildelt ein såkalla mentor, ein etablert forfattar som kan følgje dei opp mellom samlingane. Og alt vil vere gratis for elevane. Vi dekkjer også reise og opphald for dei som treng det.

– Blir ein forfattar av å gå på Forfattarskulen?

Forfattarskulen kan vere eit viktig steg mot bokutgiving. Vi har ikkje som mål at alle skal bli forfattarar, men at alle skal utvikle seg som skrivande og lesande menneske. Somme blir forfattarar, andre ikkje. Men vi ønskjer å gi alle elevane fagleg påfyll, verktøy og litterært mot til å kunne gå ut i det offentlege rommet med eigne tekstar, enten det blir i bok, tidsskrift, på scenen eller i andre kanalar.

– Kva vil du seie til dei som er usikre på om dei skal sende inn søknad, eller om dette er noko som kan passe for dei?

Send meg ein e-post, så kan vi ta ein prat! Vi ønskjer så mange søknader som mogleg med eit breitt spekter av litterære uttrykk frå ei så mangfaldig søkargruppe som mogleg. Eg ser fram til å møte alle desse menneska gjennom søknadstekstar, og møte dei ti elevane siste helga i januar!

 

Har du spørsmål?

Ønskjer du meir informasjon om kursinnhald eller har spørsmål kring søknaden, kontakt Sigmund Løvåsen, forfattarskulen@samlaget.no

 

Forfattarskulen