Større openheit vil hjelpe mange

«Gong etter gong måtte eg gjennom ting eg ikkje eingong hadde høyrt om.»

Debutant Stine Fuglaas Bonsaksen vil at vi skal snakke meir om spontanabort, og håper at boka hennar kan bidra til å gjere det litt mindre einsamt for dei som går gjennom det.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

 

I opningsdiktet i boka nyt ei kvinne dei fyrste symptoma på ein graviditet. Men graviditeten endar opp i spontanabort. Kva er det som skjer vidare?   

Kvinna blir gravid igjen, og spontanaborterer igjen. Ho må handtere sorga over barna ho mister, forholdet til eigen kropp og det brennande håpet om at det neste svangerskapet skal gå bra.


Kva har motivert deg til å skrive denne boka?

Eg har sjølv opplevd ei rekkje spontanabortar, og gjennom den prosessen kjende eg meg utruleg einsam. Abort er noko vi snakkar lite om, og gong etter gong måtte eg gjennom ting eg ikkje eingong hadde høyrt om. Håpet mitt er at boka kan gjere det litt mindre einsamt for andre som går gjennom noko av det same.

 


Korleis har skriveprosessen vore? 

Fyrste del var rein terapi. Eg skreiv for å handtere mi eiga sorg, heilt utan tanke på at dette kunne ha interesse for andre. Etter kvart kom ideen om publisering og jobben med å sile og redigere. Då fekk eg lov å arbeide med dyktige folk her i Trondheim, og ikkje minst i Samlaget. Det var ei heilt ny erfaring, som gav meg utruleg mykje. 

 

Sigri Sandberg (Foto: privat)
Tenkjer du på lesaren medan du skriv?  

Ja og nei. Ikkje i fyrste omgang, men i redigeringsprosessen tenkte eg mykje på kva eg vil at lesarane skal sitte att med, og kva kjensler og erfaringar eg ville dele. 

 

Treng vi å snakke meir om habituell abort?  

Absolutt! Vi bør snakke meir om spontanabort generelt. Vi blir fortalt at ein graviditet bør vere hemmeleg til vi har passert veke tolv, fordi sjansen for å miste barnet då blir mykje mindre. Spontanabort er difor noko svært mange ber åleine, og sorga blir tyngre og meir einsam enn ho treng å vere. Eg trur at meir openheit vil hjelpe mange.

 

Stine Fuglaas Bonsaksen: Habituell abort

For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid - utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så lett å bli gravid? For eget er det blodig alvor, kvart liv som ikkje blir. For helsevesenet er det daglegdags. For lesaren er det eit viktig innblikk i ein situasjon mange kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller ingenting om.

 
Stine Fuglaas Bonsaksen(f. 1987) kjem frå Sunnylven på Sunnmøre. Ho er stipendiat ved NTNU, der ho held på med ein doktorgrad i historie. Habituell abort er den første boka hennar.