Debutantintervju: «Det handlar om å vera menneske»

Debutantintervju: 

«Det handlar om å vere menneske»

I haust debuterte Annlaug Selstø med romanen Vera ein annan stad, ei bok om å reise langt bort for å akseptere noko nært.

Gratulerer med bok, Annlaug! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?  

Overordna handlar romanen om å vere i verda. På eit indre, og eit ytre plan. Om å vere halv eller heil. I verda. I politikk. I emosjonar. I relasjonar. I arbeid. I det ein trur på. Boka handlar om å vera menneske. 

Meir konkret handlar ho om Vilde, som er på feltoppdrag i Sør-Sudan. Ho har ansvar for eit lite team, som følgjer opp og deler ut mat til underernærte barn. Men sjølv om ho er i eit krigsherja land, så er det relativt fredeleg i landsbyen der dei er. Dramatikken utspeler seg i form av enkelte pasientar, indre uro og frykt, og gjennom mindre konfliktar med dei ho har rundt seg, og han ho har reist frå. 

Dei små inntrykka som tilfeldig tikkar inn kan fort bli til tekst. Ein traktor på eit jorde. Ein assosiasjon frå fuglesong. Noko i morgonnytt på radioen. Eit hol i sokken.

Korleis blei romanen til?

Eg blei utfordra til å skrive ei novelle frå dette landskapet. Men då eg skulle redigere det første novelleutkastet, oppdaga eg at teksten ikkje fungerte som novelle. Då eg skulle stramme og strukturere teksten, blei det berre meir tekst, fleire ord og nye situasjonar. Og gradvis skjønte eg at det kunne bli til ein roman. 

Kva ønskjer du å få til med skrivinga di?

Det er eit stort spørsmål som det er vanskeleg å svare på. Kanskje vil eg berre dele historier. Gi innsikt og forståing. Vise ulike måtar å tenke på. Eller kanskje handlar skriving om å drøyme seg bort. Vere ein annan stad.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

Denne prosessen var relativt effektiv. Før denne hadde eg fleire manus som det ikkje blei bøker av. Då eg skjønte at det gjekk i retning av ein roman ville eg involvere redaktør tidleg i prosessen for å sjå om det kunne vere noko i prosjektet. Eg ville også tenkje saman med nokon, før eg blei "låst" i eigne tankar og idear. Redaktøren min, David Aasen, hadde trua på prosjektet frå første lesing, og då var det berre å jobbe på og få prosjektet i hamn. 

Er Vera ein annan stad sjølvbiografisk?

Verken - eller. Eventuelt: både og. Eg hadde ikkje kunna skrive dette utan erfaringar eg har frå ulike feltoppdrag. Scenografien til teksten har eg lånt frå oppdraget mitt i Sør-Sudan. Nokre av episodane frå boka liknar også på episodar som skjedde meg. Men narrativet og relasjonane er dikta og jobba med dramaturgisk. 

Korleis har skriveprosessen vore?

Fin. Og tidvis angstfylt.

Når du skriv, kva inspirerer deg? Kan du nemne nokre litterære førebilete?

Når eg skriv, er eg veldig selektiv på kva eg tek inn. Eg prøver å redusere inntrykk, for alle sansar er så opne og skjerpa i den intense skrivefasen. Og dei små inntrykka som tilfeldig tikkar inn kan fort bli til tekst. Ein traktor på eit jorde. Ein assosiasjon frå fuglesong. Noko i morgonnytt på radioen. Eit hol i sokken. 

Litterære førebilete? Haldis Moren Vesaas treffer meg alltid. Det verkar så enkelt det ho skriv, men det treffer meg så sterkt likevel, sjølv dei dikta eg har lese mange gonger. Amalie Skram, Kristin Næss og Sara Stridsberg må også nemnast.

Annlaug Selstø:  Vera ein annan stad

Vilde er sjukepleiar og på veg ut i bushen ein stad i Afrika for å jobba med underernærte born. Der møter ho lokale kollegaer som ho arbeider tett saman med. Med i bagasjen har ho gode intensjonar. Og ei fersk kjærleikssorg.

Vera ein annan stad er ei sterk og truverdig skildring av kvardagen i leiren, av vennskapa som oppstår, og samarbeidet på klinikken, og av det å komme som privilegert arbeidar til ein stad som ligg langt frå vår eiga verd.