Forfattarintervju: Juliane Rui

Om slektskapet med andre artar og ansvaret for jorda

I si fjerde diktsamling fortset Juliane Rui å forske i mellommenneskelege relasjonar og i kva som skjer i samspelet mellom menneska og naturen. Nynorsken er eit viktig verktøy for poeten. 

Gratulerer med ny bok! Korleis vil du sjølv beskrive Snurr mi eng?

Eg har ikkje lese boka i ettertid, så det blir meir det eg hugsar eg hadde av tankar under arbeidet med manus. Eit barn får snakke, og ei mor og ei syster opptrer, men stemmene deira glir i kvarandre, fordi rollene er dei same, mora har vore barn, bestemora har vore barn og mor, og eg tenkjer at menneska gir liv til rollene, men også at rollene gir liv til menneska som trer inn i dei.
Det er også, som alltid, andre artar enn menneska i dikta, slektskapet med dei, og kjensla av ansvar for jorda.

Var du bestemt på tematikken då du gjekk i gang med å skrive, eller er det ei meir organisk utvikling av han etter kvart?

Eg skriv utan plan, dikta blir til etter kvart, eg synest det er meir interessant sånn, når eg blir overraska. Etter kvart ser eg linjene tydelegare, og får eit visst overblikk, men eg er framleis ikkje sikker på kva det blei. 

Korleis har skriveprosessen vore denne gongen? Skil han seg får korleis dei tre førre utgivingane dine har vore, eller byrjar du å sjå eit mønster i måten du arbeider på?

Jo, eg skriv som eg har gjort tidlegare, sit ved PC-en mange timar kvar dag, les gjennom manuset medan eg skriv, og endrar, stryk og flytter på. Mykje skjer med manuset framfor meg, men eg er avhengig av tankar som kjem utanom, medan eg går tur til dømes, og skriv ned linjer eg kjem på, eller tankar eg noterer medan eg les andre sine bøker. Ein forskjell frå tidlegare er at eg har meir tid til å skrive no, med huset for meg sjølv fleire timar om dagen.

Eg synest ikkje eg tenkjer så mykje, eigenleg, det er meir at eg er i dikta og tenkjer med dei medan dei blir til. 


Har du andre som les manus undervegs, eller held du teksten tett til brystet?

Det er få som les, men redaktøren min, David, les fleire gonger undervegs, og kjem med viktige tankar. Etter kvart les ein ekstern konsulent, som gjerne har tankar som gir ny giv. Det hender at kjærasten min les, og han er mild og snill, men kjem også med forslag, som tittelen på Aude så rørsle kan synast.

Tenkjer du på lesaren medan du skriv?

Nei, eg gjer ikkje det. Eg synest ikkje eg tenkjer så mykje, eigenleg, det er meir at eg er i dikta og tenkjer med dei medan dei blir til. 

Har du nokon klar tanke om kva du vil at lesaren skal sitje att med etter å ha lese boka?

Det eg kan håpe, er at boka gir meining på eit vis i lesaren, i form av tankar og kjensler.

Tidleg var nok Tarjei Vesaas og Jon Fosse viktige og er kanskje noko av grunnen til at eg la om til nynorsk i vaksen alder. Det var lettare å skrive med ein avstand i språket og noko å strekke seg etter også.


Er det noko eller nokon som inspirerer deg til å skrive, eller som påverkar teksten medan du jobbar? Les du andre bøker medan du er i eigen skriveprosess? Og har du nokre litterære førebilete du vil nemne?


Eg høyrer på klassisk musikk når eg skriv, rolege stykke, ofte dei same om og om att. Og eg les medan eg skriv, for eg skriv alltid på eit manus, det er ikkje nokon klar start og klar slutt. Sånn som no når eg held på med eit manus som er ei forlenging av Snurr mi eng, og eit manus som kanskje heng saman der igjen, eller er noko eige, det får eg sjå med tida.

Eg les mest poesi, og nokre filosofi- og naturbøker. Og så tenkjer eg at poesien har vore viktig for eiga skriving, meir enn enkeltnamn og forfattarskapar. Men tidleg var nok Tarjei Vesaas og Jon Fosse viktige og er kanskje noko av grunnen til at eg la om til nynorsk i vaksen alder. Det var lettare å skrive med ein avstand i språket og noko å strekke seg etter også. Eg opplever framleis nynorsk som litt framand.

Etter at eg debuterte, har eg lese mykje Ann Jäderlund, Basho og Eldrid Lunden. Til slutt vil eg dele nokre diktlinjer som følgjer meg, frå Jean-Marie Gleize: «Poesi er en måte å være sammen med elvene på», og Lennart Sjögren: «fast vingarna når längre enn den kända världen».


Snurr mi eng

JULIANE RUI


Juliane Rui skildrar dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. 

Mennesket oppstår som ein del av ein samanheng, kopla til familien og til verda utanfor. Perspektiva endrar seg etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar. I poesien til Rui får vi sjå verda frå nye vinklar og nærme oss andre perspektiv og språk: det til barnet, dyret og naturen.