Haugestipendet 2024 til Martin Ingebrigtsen

Martin Ingebrigtsen får Olav H. Hauge-stipendet for 2024. Vi gratulerer!

Her kan du lese frå juryen si grunngiving:


«Poetar ser. Dei ser på tinga som fyller verda, og på verda som fyller tinga. Dei stirer på fortida og på framtida og på det flyktige i augeblinken. Poesien og draumane har mykje til felles; i begge domena glir ting stadig og uærbødig over i kvarandre; historier, tankar, minne, mytar, førestillingar, ja, til og med menneske, identitetar, heile liv.

Årets mottakar av Haugestipendet er poet, men også omsetjar, han har jobba som skrivelærar, formidlar, forlagskonsulent og redaktør. Begge bøkene han har gitt ut, ber preg av å vere leikne og utprøvande, episke og oppmodande, fraktale og rastlause. Poesien hans kan vere lyrisk, biletleg tett, presis og vakker i den eine augeblinken, før den – særleg i den siste utgivinga hans, Bukk & Sigd (2023) - brettar seg ut i refleksiv ordrikdom, degressive sveip, direkte tiltale og/eller leik, i den neste.



"Det er maksimalistisk, ekspanderande, ja, bustete poesi vi har med å gjere."

I hjartet av den siste utgivinga finst eit nitti-siders langdikt kalla Poetikk, om den skapande prosessen, om å skrive og å leve, som jo er éin og same ting. Det er maksimalistisk, ekspanderande, ja, bustete poesi vi har med å gjere. Det dialogiske og det kollektive er viktige føresetnader for poeten si tenking, og for at skrifta kan bli til. Dikta arbeider i - og med - poetisk vertikalitet, med ein brønn av potensielle tydingar, førestillingar og sambandsliner. Biletspråket er kvardagsleg, fullt av stover og leilegheiter og vindauge, men òg av populærkulturelle referansar – teikneseriar, superheltar, russiske filmskaparar –, av brannar og tvillingskikkelsar, av flukt og desperasjon, sakn og lengsel. Dikta snakkar til – og med dei levende og dei døde; med venner, fedrar, søsken og gudar og andre kunstnarar. Sjølv har poeten sagt: «Eg skriv om døden som eit fundamentalt vilkår, men også som ei avgrensing som det er mogeleg å bryte ut av. Eg skriv mykje om spøkelse og gudar, fordi dei har evna til å krysse den grensa.»

Det er ei stor glede å tildele Martin Ingebrigtsen Olav H. Hauge-stipendet 2024.»

Samlaget gratulerer! Dette er ikkje den einaste gjeve prisen Ingebrigtsen har fått i år. Tidlegare i år fekk han også Bokhandelens forfatterstipend på 200 000 kr.


Under kan du lese utdrag frå Bukk og Sigd

Martin Ingebrigtsen

Bukk og sigd: dikt


Bukk & Sigd er ei bok om alt poesien kan vere.

Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor lever eg nett dette livet? Svaret finst kanskje i forteljingane om eit syskenpar, Bukk & Sigd, som ikkje får vere saman.

Bukk & Sigd er eit resultat av Martin Ingebrigtsens arbeid som poet og gjendiktar og virket hans som skrivelærar gjennom fleire år. Det er ei bok som vil inspirere og engasjere alle som elskar litteratur med sine rike perspektiv og store spenn.


KJØP BOKA