Filosofiske dikt for unge lesarar

«Den boka synest eg viser noko av kva eg vil med forfattarskapen min: ikkje underhalde, men møte eit ærleg, søkande alvor hos unge lesarar. .»

Marit O. Kaldhol fekk sitt store gjennombrot med bildeboka Farvel, Rune i 1986. Kaldhol er éin av åtte norske forfattarar som har fått den prestisjefulle Deutscher Jugendliteraturpreis. Om ho skriv for barn, ungdom eller vaksne, er Kaldhol kjend for poetiske forteljingar. I haust er ho aktuell med diktsamlinga På ei trapp i universet. Her møter vi ein katt og to barn som sit på trappa til eit hus i utkanten av ein skog. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største. Både det dei kan sjå, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg! På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær.

 

Kva har du lyst til å fortelje med diktsamlinga På ei trapp i universet?  ?  

Først og fremst vil eg formidle undring over livet i seg sjølv. Ved å vere nyfiken på plantar og dyr og korleis livet oppstår, korleis naturen fungerer og heng saman - både brutalt og vakkert - trur eg at lesaren blir stimulert til å utvikle ein positiv relasjon til omverda si, og ikkje minst nærme seg fenomen i naturen, for ikkje å seie i heile universet. Det er så mykje vi ikkje veit, derfor er det så mykje å vere nysgjerrig på!  .

 

 

Sigri Sandberg (Foto: privat)

 

Det er store eksistensielle spørsmål som du tar opp i diktsamlinga di, men du klarer å gjere det tilgjengeleg for ganske små barn. Er det lettare å opne for barnets refleksjon og utforsking gjennom poesien, trur du?  

 

Poesien er kanskje meir open i seg sjølv, og ligg godt til rette for å stille opne, undrande spørsmål, late fantasien leike utan så sterk målstyring. Eit liv i naiv undring og nær dei enkle - men uendelege store - fenomena i tilværet, er til god hjelp når eg hentar fram barnet i meg sjølv for å skrive nettopp dikt for barn.  

I 2023 er er det 40 år sidan du debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken, er det ei (barne)bok som du held høgare enn andre?  

Hyggeleg å bli spurt om det! Eg er glad for fleire av bøkene mine for barn og ungdom, både poesibøkene og forteljingar. Må eg velje éi, blir det dagboksromanen for ungdom, Søkeord: ayotzintli (2010) som står meg nærast. I den tillet eg meg å gå djupt inn i eksistensielle spørsmål frå ulike perspektiv, også med nokon grad av sjangerblanding, som eg liker å boltre meg i. Den boka synest eg viser noko av kva eg vil med forfattarskapen min: ikkje underhalde, men møte eit ærleg, søkande alvor hos unge lesarar. 


Marit O. Kaldhol (tekst) og Susanna Kajermo (illustrasjonar)

 

 

Kor langt ut finst universet?

Kor kom livet frå?                                      Korleis kan jorda vere lita som eit flugeegg? Kven skal varme oss når sola sloknar?

Ein katt og to barn sit på trappa til eit hus. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær. 

Diktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo.

Frå 6-9 år.