Fem gode alternativ til påskekrimmen

Påsken er tida for å nyte ei god bok i solveggen eller i sofakroken. No har fem kritikarfavorittar kome i pocket. God lesnad!

Vinnar av Brageprisen 2018!

Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir.

I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider?

Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet.


Tre vegar til havet

Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar.

Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt. 

 Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv. 

 Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida. I Tre vegar til havet skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.


Ein underhaldande og overraskande roman om draumen om det perfekte liv

Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andreas dei siste dagane før bodrunden. Mens dei går gjennom prospektet, rom for rom, blir også deira eige samliv kartlagt, og fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet og livet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? 


Rå og intens Napoliroman!

Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme telefonoppringingar, som saman med mystiske hendingar fører til at ho må rekonstruere dei siste dagane mora levde. For kvar nye oppdaging må Delia ta innover seg at mora ikkje var den personen ho har trudd. 

Elena Ferrante er av The New York Times omtalt som ”ein av dei største romanforfattarane i vår tid”. Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. Kvelande kjærleik er Ferrantes første roman, og allereie her tematiserer ho forholdet mellom mor og dotter, slik vi kjenner det frå Napoli-kvartetten.


Korleis bli eit godt menneske?

På toppen blir me ståande stille eit sekund eller to, vippande på kanten av stupet. «Gift deg eller gift deg ikkje, du vil angre på begge delar», tenkjer eg. Eg drar Minnie Mus-ringen fram og stikk han opp i ansiktet hans. «Vil du gifte deg med meg!?!»

Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I denne underhaldande boka testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske.

På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.







Fleire artiklar

Stress og korleis leve med det
Stress og korleis leve med det

Mitt personlege høgdepunkt, eller lågpunkt, kom då eg stressa meg vaken over julekort i midten av november. Jesus kristus, kor idiot er det mogleg å bli. Julekort! Denne utgamle kommunikasjonsmetoden som strengt tatt berre er til bry for mottakaren (for ærleg talt, kva gjer ein med desse i januar? Er det lov å kaste andre sine born i søpla? I så fall: plast eller papir?).

 

Les heile artikkelen →

Å skrive om det vondaste
Å skrive om det vondaste

For åtte år sidan fekk eg og mannen min eit brev frå det offentlege som snudde opp-ned på framtidsplanane våre. Vi hadde lenge venta på å få hente heim eit barn frå Kina, så lenge at myndigheitene meinte at vi hadde blitt for gamle til å gjennomføre adopsjonen. 

 

Les heile artikkelen →

«Marasco er magisk. Ho skriv slike ting som berre få forfattarar får til.»
«Marasco er magisk. Ho skriv slike ting som berre få forfattarar får til.»

Kristin Sørsdal visste tidleg at ho ville arbeide med språk. I dag lever ho av å omsetje bøker på fulltid. 

Les heile artikkelen →