Korleis halde ut det som ikkje er til å halde ut?

Therese Garshol Syversen debuterer som forfattar med romanen Sting, ein sterk roman om minne, om vald og om korleis ein på nytt kan finne lys i alt det som er mørkt. Vi har intervjua Syversen. 

 

Gratulerer, Therese! Du debuterer denne våren med ein knallsterk roman for ungdom, Sting. Kan ikkje du byrje med å fortelje litt om boka.  

Sting handlar om kva menneske er i stand til, på godt og vondt. Meir konkret handlar ho om Emma som vaknar opp på sjukehuset, ho er blitt skoten og hugsar lite av kva som har hendt. Men ho veit at det er far hennar som har skote ho. Faren har drepe mora og seg sjølv. Emma må byrje prosessen med å hugse kva som hende den dagen, men òg tida som leia opp mot tragedien. Ho må nøste opp i desse minna og møte dei, sjølv om dei er vonde og vanskelege.  

 

Du er ikkje redd for vanskelege tema når du debuterer!  

Eg har ikkje tenkt på kva for historie eg burde starte med eigentleg. Eg trur at mange forfattarar opplever at dei har ei historie dei vil fortelje og at det derfor blir slik. Men ja, det er ei mørk historie.  Sjølv liker eg å lese mørke historier, og som lesar kjenner eg at eg blir dratt mot det ubehagelege. Når ein skal skrive om alvorlege tema, som vald og traume, så ønsker eg at det skal vere ærleg. Sterkt, utan å bli spekulativt. Ein kjenner kanskje ekstra mykje på dei fallgruvene. Det er eit relativt sjeldan fenomen at barn blir utsette for drapsforsøk av sin eigen forelder, men det er dessverre ikkje sjeldan at barn veks opp med vald i heimen.  

 

Dei færraste opplever eit traume som det Emma gjennomgår, men eg vil gjerne høyre litt om kva ein roman som Sting kan tilføre. Vi les jo sjølvsagt romanar og historier fordi dei har ein kunstnarisk verd i seg sjølv, men sidan du til dagleg forskar på barnelitteratur ved Høgskulen i Innlandet vil eg gjerne høyre frå ditt perspektiv som forskar. Kvifor bør vi lese litteratur? 

Det eg forskar på er blant anna korleis lesing gjer det mogleg for oss å leve oss inn i andre personar sine liv og kjensler. Det er studiar som viser at når vi les fiksjon, reagerer vi som om det skulle vere verkeleg, sjølv om vi veit at det er oppdikta Det er med på å utvikle empatien vår, og det gjeld både for små barn og vaksne lesarar. Ein del av forskinga i dag handlar nettopp om den emosjonelle utviklinga som skjer når vi leser litteratur. Mange forskarar trekker òg parallellar til deltaking i demokrati, når vi som lesarar trår utanfor oss sjølv og det umiddelbare. Historier kan ha ein veldig stor kraft.  

 

 

Det er vondt å lese korleis Emma strever med å akseptere at det finst ei anna side av faren, og ikkje berre den helte-versjonen ho som barn har. 

Sjølv menneske som er i stand til å gjere fælslege handlingar, kan ha sine positive sider. Så det er vanskeleg for Emma å akseptere at faren, som ho har hatt eit nært forhold til, er i stand til å drepe mora og forsøke å drepe si eiga dotter. Det er denne dualiteten  som gjer ekstra vondt, at menneske vi er glad i, og som vi burde vere trygge på, også kan skade oss. Vi som lesarar ser at faren til Emma har ein del usympatiske trekk, og at han i mange tilfelle ikkje er ein særleg god forelder. Men barn har ein tendens til å klamre seg til foreldra sine, uansett feil og manglar. 

 

Det er denne dualiteten  som gjer ekstra vondt, at menneske vi er glad i, og som vi burde vere trygge på, også kan skade oss. Vi som lesarar ser at faren til Emma har ein del usympatiske trekk, og i mange tilfelle ikkje er ein veldig god forelder. Men barn har ein tendens til å klamre seg til foreldra sine, uansett feil og manglar. 

 

Det er denne dualiteten  som gjer ekstra vondt, at menneske vi er glad i, og som vi burde vere trygge på, også kan skade oss. 

 

Emma må flytte til mormora si, som er den einaste familien ho har igjen. Der blir ho, litt motvillig, kjend med naboguten Hannes. Kan du fortelje litt om han? 

Hannes er først og fremst ein kontrast til Emma. Eg ser for meg at han har hatt foreldre som har gjort han trygg, open og nysgjerrig. Med Emma er det stikk motsette, ho har kjent på mykje redsel og frykt. Det gjer at ho er mistenksam og alltid førebudd på det verste. Ho held folk på avstand.  

 

Har du lest andre bøker som har inspirert deg i skrivinga? 

Eg las Sinna mann av Gro Dahle og Svein Nyhus for fleire år sidan, og det er ei utruleg sterk bok om partnarvald! Det har ikkje vore ein direkte inspirasjon, men det var ei sterk lesaroppleving som framleis sit i. Eg har jobba mykje med denne boka i akademisk samanheng også. Eg vil også nemne ein film eg såg for eit par år sidan,  “90 minutter”, av Eva Sørhaug. Her får vi sjå tre parallelle historier som alle endar med partnardrap. I ei av desse historiene er drapsmannen ein politimann som tar livet av eks-kjærasten og dei to barna deira. Eg synest samlivsbrotet i denne historia blir skildra på ein ekte måte, med ganske rå replikkar, noko som kjenst modig og inspirerande.  

Det er lett å bagatellisere samlivsbrot fordi det er så utbreidd, men for barn  kan det vere veldig opprivande. 

Eg er nysgjerrig på vegen fram til debuten din. Var det historia om Emma som du sendte inn til forlaget første gongen? 

Nei, eg var med på eit skrivekurs med Gro Dahle for litt over tre år sidan, kor eg skreiv fleire korte dikt som eg sendte inn til Samlaget. Eg fekk svar tilbake om at det var litt lite tekst, men at dei såg eit potensiale. Men dei lurte på om det kanskje var meir riktig for meg å skrive prosa. Redaktøren min meinte at det var ei underliggande historie i dikta eg hadde sendt inn, og oppmoda meg til å søke på eit manusseminar som Samlaget arrangerte. I samband med dette seminaret måtte eg levere inn ein lengre tekst, og då fann eg tilbake til ein eldre tekst eg hadde skrive nokre år tidlegare og eigentleg lagt frå meg. Og den teksten er no blitt til Sting

 

 Korleis har prosessen vore frå ide til ferdig bok?  

Det har vore ein prosess, i ordets rette forstand! Sjølv om ideen og historia om Emma har vore konstant, har det vore mykje att og fram. Men det har vore ei veldig fin erfaring at  teksten får eit publikum, med  ein redaktør som les og rettleiar og eit profesjonelt apparat rundt. Samtidig kjennest det sårbart at andre skal lese det ein skriv, for  det å skrive er personleg. Ein må også vere innstilt på at teksten heile tida er i bevegelse og at ein må ta til seg tilbakemeldingar. Det har vore fleire gongar at eg har tenkt at eg er i mål, også kjem det ei tilbakemelding som set ein tilbake. Og det kan vere slitsamt. Så då har det vore viktig å hugse på at redaktør og forfattar har eit felles mål om at teksten skal vere best mogleg! Og når ein kjem til mål er det absolutt verdt det!  

  

Har det gitt meirsmak?  
Ja, absolutt! Eg skriv på ei ny historie no. Eg kjenner på eit behov for å skrive, og det er ekstra fint  å ha ein redaktør eg kan diskutere tekst med. Men vi får sjå om eg blir meir effektiv ved neste bok!  
 
Har du alltid skrive? 

Ja, eg har eigentleg skrive heile livet. Då eg gjekk på ungdomsskulen, hadde eg ein draum om å skrive ei ungdomsbok. Også hadde eg god hjelp frå lærarar på skulen, som oppmuntra skrivinga mi. Sidan har det gått i periodar, det vart mindre kreativ skriving då eg studerte.  

 
Kva las du sjølv då du var barn og ungdom?  

Eg las masse! Hilde Hagerup, Charlotte Glaser Munch og Kari Sverdrup for å nemne nokon. Eg las ungdomslitteratur lenge etter at eg slutta å vere i målgruppa, og framleis les eg mange romanar for ungdom.  

 
Kven håper du vil lese Sting

Hm, godt spørsmål. Eg har vel ikkje sett for meg ein spesiell lesar. Kvar lesar vil nok få noko forskjellig ut av lesinga. Men eg håper at boka kan vere til trøyst for dei som treng det. Trass i at det er ei dramatisk handling som dei færraste opplever, så er det mange barn som opplever samlivsbrot mellom foreldra. Det er lite skjønnlitteratur som behandlar dette temaet frå ungdommens perspektiv. Det kan vere tøft å oppleve sjølv når det ikkje er vald involvert, for samlivsbrot kan fort eskalere og bli stygge. Så eg håper også at vaksne kan lese boka og sjå korleis det kan oppfattast for barn eller ungdom når foreldre ikkje er på same lag lenger. Det er lett å bagatellisere samlivsbrot fordi det er så utbreidd, men for barn  kan det vere veldig opprivande. For Emma er brotet mellom foreldra prega av bitterheit, og særleg faren drar ho stadig inn i konflikten  Så ho får det veldig tøft. Barn og unge er i sine foreldres vald; ein er prisgitt dei foreldra ein har. 

 

Therese Garshol Syversen: Sting

 

 

Seksten år gamle Emma vaknar på sjukehuset med eit skotsår i magen. Heilt kva som har hendt, hugsar ho ikkje, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby, og som gjerne vil bli venn med Emma.

Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.                                                                Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.

Sting er ein sterk roman om minne, om vald og om korleis ein på nytt kan finne lys i alt det som er mørkt.