Debutantintervju: Sigrid Agnethe Hansen

Debutantintervju: 

Sigrid Agnethe Hansen

I vår debuterer Sigrid Agnethe Hansen med Ser du dette?, ein ungdomsroman om eit nakenbilete på avvegar. Romanen handlar om Anna, som forsøkjer å flykte frå eit forferdeleg rykte. Problemet er at eit rykte kan reise raskare enn ho sjølv, så korleis skal ho starte eit nytt liv om ho ikkje kan stole på nokon? 

Gratulerer med bok, Sigrid Agnethe! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?

Ser du dette? er ei bok om å bli sett, om å vilje vere usynleg, om skam og om anger. Ho handlar om korleis ein kan gå vidare og starte på nytt etter at hjartet og sjølvtillita har gått i tusen knas. 

Det eg sjølv liker best når eg les bøker, er å bli fylt av kjensla av at eg ikkje er åleine om å ha dei tankane eg har, eller det synet på livet som eg har. 

Korleis blei romanen til?

Alt starta med at eg blei oppmuntra av Brynjulf, som er redaktøren min, til å skrive for ungdom. Han hadde hamna i eit kaninhôl på internett, og til slutt kom han til den gamle bloggen min. Eg var gjennom fleire idear til eit plott før eg fekk ideen om Anna, og då eg først fekk ein tanke om handlinga, skreiv eg berre på. Så moralen i denne korte historia må vel vere at blogging kan føre til meir enn berre 15 % rabatt på tannbleiking og billige Daniel Wellington-klokker.

Kva ønskjer du å få til med skrivinga di?

Dette er eit stort spørsmål og fortener kanskje òg eit stort svar? Det eg sjølv liker best når eg les bøker, er å bli fylt av kjensla av at eg ikkje er åleine om å ha dei tankane eg har, eller det synet på livet som eg har. Å kunne finne både sine gode sider og meir usympatiske trekk reflektert i litteraturen gir meg mykje. Eg håper at boka mi – og seinare bøker – kan få lesarar til å trekkje eit letta sukk over å ikkje vere åleine.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

Den har vore ganske rett fram, eigentleg. Eg fekk ideen, skreiv, sende frå meg nokre sider til redaktøren, fekk tilbakemelding. Sjølve vegen fram mot eit førsteutkast var ganske rak – og så har redigering, flikking og omskriving teke ein del tid. 

Korleis har skriveprosessen vore?

Hundre prosent uglamorøs! Ein har jo ein litt romantisk idé om korleis det er å vere forfattar, men bak kulissene er det mykje skriving på ein pinnestol på eit rotete kontor med stadig kaldare kaffi og ei skål smågodt ved sida av. Eg har jobba med boka etter arbeidstid, etter leggjetid og i helgene, så det har til tider vore altoppslukande. 

Ein har jo ein litt romantisk idé om korleis det er å vere forfattar, men bak kulissene er det mykje skriving på ein pinnestol på eit rotete kontor med stadig kaldare kaffi og ei skål smågodt ved sida av. 

Når du skriv, kva inspirerer deg? Kan du nemna nokre litterære førebilete?

Det viktigaste eg har lært av å skrive denne boka, er at det ikkje nyttar å vente på inspirasjon. Etter å ha venta eitt år på inspirasjon sa bestevenninna mi: «No startar vi eit skriveprosjekt! Vi skriv 15 minutt om dagen!» Det klarte vi ikkje så lenge, men for min del var det lenge nok til at dette konkrete prosjektet blei til. Eg har hatt stor hjelp i å skrive ned setningar eg kjem på undervegs, i notat-appen på mobilen. Og denne låta gir meg alltid lyst til å skrive! Det skrivande mennesket eg har blitt mest inspirert av, må vere den svenske bloggaren og forfattaren Sandra Beijer og hennar måte å skrive om kjærleik på. 

Sigrid Agnethe Hansen: Ser du dette?

Anna har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg.

Anna har reist frå eit rykte. Ho må starte på nytt. Med ny skule og nye venner. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne?

Ser du dette? handlar om Anna og eit nakenbilete som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.