Debutantintervju: Endre Tveit

Debutantintervju: Endre Tveit

I vår debuterer Endre Tveit med lyrikksamlinga Blø meg sakte ut, ei samling som ser på angst, depresjon og avmakt, samtidig som ho famnar om empati, menneskeleggjering og ein liten kjerne av von.

Gratulerer med bok, Endre! Korleis vil du sjølv beskriva lyrikksamlinga?

Dikta handlar om sorg, men òg om å kjenna seg utanfor sorga. Dei handlar om einsemd, men òg om å frykta samvære med andre. Dei handlar om å sjå både seg sjølv og andre.

...med denne samlinga, veit eg i alle fall at eg vil utveksla tankar med folk. Idear og perspektiv. Høyra kva folk tenkjer.

Korleis blei samlinga til?

Det er faktisk litt vanskeleg å svara på. Historia kjem litt frå erfaringar med sorg i eigen familie, utan at eg har vilja laga ei skildring av desse. Eg har òg lånt idear frå måten folk snakkar om depresjon på nettet på – utan at eg har prøvd å kopiera dei, heller. Så på ein måte blei denne diktsamlinga mest til som avleggjarar frå andre ting.

Kva ønskjer du å få til med skrivinga di?

Det var eit stort spørsmål. Eg trur det eg vil med denne samlinga, nett no, er noko heilt anna enn det eg vil med ei anna bok, i framtida. Men nett no, med denne samlinga, veit eg i alle fall at eg vil utveksla tankar med folk. Idear og perspektiv. Høyra kva folk tenkjer. Eg trur at nett no vil eg bruka skriving til å forstå meir av verda.

Kan du fortelja litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

I dette tilfellet kom faktisk ideane undervegs. Eg tok til med ei heilt anna diktsamling – endå ein avleggjar – som eg kasta frå meg, men der eg likte fleire av dikta. Etter at eg plukka dei ut av den gamle heilskapen, kunne eg laga ein ny heilskap med dei, og dette gjorde eg faktisk to eller tre gonger undervegs. Dikt er jo mykje mindre bundne til samanhengen sin enn ei side frå ein roman.

Korleis har skriveprosessen vore?

Veldig varierande. Det kjem vel mest av at eg ikkje heilt fekk landa på eit tema eg fekk grep om, før dette siste. Men heile 2019 var veldig produktivt og fint.

Når du skriv, kva inspirerer deg? Kan du nemna nokre litterære førebilete?

Eg har nok mange litterære førebilete – mellom andre Edith Södergran, Fredrik Stenhjem Hagen, Carmen Maria Machado, Aimé Césaire, Ocean Vuong – men eg veit ikkje om nokon av dei kan lesast direkte inn i dette prosjektet. Då eg skreiv, var eg medviten om å henta mest mogleg inspirasjon frå meir kvardagslege skildringar, eller frå musikk, eller frå bybiletet i Bergen, og mindre frå andre bøker (med unntak av eit dikt som eg skreiv ut frå ei side i Fiolinane av Jan Roar Leikvoll). Kan henda eg får høve til å låna meir frå dei litterære førebileta mine på eit seinare tidspunkt.

Endre Tveit: Blø meg sakte ut

Blø meg sakte ut fortel om eit eg som ikkje lenger kjenner seg i kontakt med verda rundt seg. Faren døydde nyleg, og mora har gått inn i ein sorgprosess som kjennest kvelande og framand.

Forteljaren grundar over kjenslene rundt tapet og søkjer nærleik i nye stader og nye ting for å erstatte den manglande morsfiguren. Byen står som ramme rundt forteljinga, som noko både kjend og ukjend.