Debutantintervju: Eili Harboe

Debutantintervju: 

Eili Harboe

Skodespelar Eili Harboe hadde eit ønske om å skrive bok til og om ungdom utan sjølv å sitje med ein fasit eller peikefinger. No debuterer ho med ungdomsromanen Tre meter med kniv.

Gratulerer med bok, Eili! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?

Tre meter med kniv handlar om Lykke, ei jente på 15 år som prøver å finne sin plass. Ho undrar seg over verda ho lever i, relasjonen til familien og venner. Ho stiller spørsmål som ho ikkje nødvendigvis får klare svar på. Ho er nysgjerrig, søkande og styrt av eit hav av kjensler undervegs. 

Til å byrje med var det ein oppstykka tekst utan klar samanheng. Etter kvart vart hovudkarakteren klar for meg, og eg skjønte kva boka eigentleg skulle handle om.

Korleis blei romanen til?

Eg vart kontakta av redaktøren min, Brynjulf, etter at han las ein kortare, skjønnlitterær tekst som eg skreiv for Aftenpostens Si;D- julekalender. Eg fekk eit veldig godt inntrykk av han og fekk inspirasjon til å prøve å skrive noko lengre. Tidlegare har eg berre skrive kortare tekstar, dikt og noveller. Ingenting har vore publisert før, bortsett frå teksten til Aftenposten, så alt var veldig nytt for meg.

Kva ønskjer du å få til med skrivinga di?

Eg hadde eit ønske om å skrive ei bok til ungdom om ungdom utan å sjølv sitje med ein fasit eller peikefinger. Eg håpar Lykke er ein karakter mange kan relatere seg til. Eg ønskte å skrive om relasjonar i den alderen, spesielt med vekt på sjukdom i nære relasjonar. Eg ønskte òg å skrive om seksualitet på ein måte der nærleik og ønsket om å bli sett av nokon vart tydeleg.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

Brynjulf har følgt meg veldig tett heile vegen, og det er eg utruleg takksam for. Sidan eg ikkje hadde nokon tidlegare erfaring med å jobbe fram eit manus, så fungerte det bra for meg å levere kortare tekstar og så la det vekse undervegs i dialog med han. Han har vore både konstruktiv og oppløftande i prosessen. Til å byrje med var det ein oppstykka tekst utan klar samanheng. Etter kvart vart hovudkarakteren klar for meg, og eg skjønte kva boka eigentleg skulle handle om. Då var det lettare å jobbe vidare. 

Korleis har skriveprosessen vore?

Skriveprosessen har vore variert. Eg jobbar som skodespelar og har ein del andre prosjekt eg har jobba med undervegs. Eg fullførte også ein bachelor i kunsthistorie samtidig. Til tider synest eg det har vore utfordrande å kombinere alt dette og finne overskot til å jobbe med boka. Eg føler meg heldig som har blitt møtt med eit tolmod frå Brynjulf. Det har vore mest konstruktivt for meg å reise bort for å jobbe i lengre samanhengande periodar. Det har likevel heile vegen vore ei historie eg har hatt eit ønske om å formidle, og skrivelysta har kome så fort eg fekk jobba med det skikkeleg.

Det som først berre har vore eit innfall, eit ord eller ei setning eg har skrive ned tilfeldig i ei notatbok, kan bli til eit avsnitt i teksten.

Når du skriv, kva inspirerer deg? Kan du nemna nokre litterære førebilete?

Det er vanskeleg å svare på. Alt frå musikk til kunst, film, og andre bøker, sjølvsagt. Også samtaler, eigne opplevingar og observasjonar. Det som først berre har vore eit innfall, eit ord eller ei setning eg har skrive ned tilfeldig i ei notatbok, kan bli til eit avsnitt i teksten. Eksempel på litterære førebilete er Agnes Ravatn, Judith Hermann, Ingvild Rishøi. Og Jon Fosse og Tarjei Vesaas, sjølvsagt. 

Eili Harboe: Tre meter med kniv

Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med Lena, som av og til er heilt, heilt stille?

Tre meter med kniv handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir.