Debutantintervju: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Debutantintervju: 

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

I vår debuterer Ann Helen Kolås Ingebrigtsen med ungdomsromanen Sinne, ein roman om 15 år gamle Synne med ADHD. For Synne er sinnet ein del av kvardagen. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Burde ho byrje på medisin igjen? At to nye elevar byrjar i klassen, hjelp ikkje saka.  

Gratulerer med bok, Ann Helen! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?

Sinne er forteljinga om 15 år gamle Synne, som har ADHD og boblar over av kjensler. Dette fører henne ofte opp i uønskte situasjonar, og ho endar ofte opp inne på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at Synne skal byrje med medisin igjen, men Synne er skeptisk og har ikkje gode minne frå då ho gjekk på barneskulen og alle visste om ADHD-en. Ho vil vere Synne, ikkje Sinne, og ønskjer å halde diagnosen hemmeleg. Dette blir utfordrande når to nye elevar byrjar i klassen hennar.

Eg både hatar og elskar å skrive, fordi det kan vere så kjenslemessig opprivande og frustrerande ikkje å få det ut, men samtidig så forløysande og tilfredsstillande når eg får det til.  

Korleis blei romanen til?

Eg melde meg på eit skrivekurs, der vi skulle levere 23 sider innan ei viss tid. Eg sleit lenge med å finne ut av kva eg skulle skrive om, men ein kveld openberra plutseleg heile opningsscena seg for meg. Personane og plottet i Sinne var på plass med ein gong, men etter å ha skrive og levert dei 23 sidene gjekk det eit par år før eg skreiv vidare. Eg gjekk lenge og venta på inspirasjon og at noko skulle komme til meg på same måte som opningsscena, men etter å ha skjønt at det ikkje kom til å skje, tvinga eg etter kvart fram resten av handlinga. Så skreiv eg om på romanen nokre gonger, før det sat.

Kva ønskjer du å få til med skrivinga di?

Eg ønskjer jo først og fremst å stille dette behovet eg har i meg for å skrive. Det er liksom noko som må ut. Eg både hatar og elskar å skrive, fordi det kan vere så kjenslemessig opprivande og frustrerande ikkje å få det ut, men samtidig så forløysande og tilfredsstillande når eg får det til. Å skrive bok er mykje meir arbeid enn eg trudde, men når det byrjar ta form, er det utruleg kjekt. Eg har fleire påbyrja manus og ser at eg alltid startar med eit tema/bodskap som er viktig for meg, for så å bygge ut forteljinga.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

Når eg fekk på plass eit førsteutkast, let eg ei handfull gode venner få lese og komme med innspel. Dei var sjølvsagt berre positive, så det var ikkje før eg sende manuset til ein meir kritisk lesar, at eg fekk gjort ei reinsking og manuset byrja bli klart for at eg kunne sende det til forlaget. Så fekk eg napp, og manuset blei endå betre etter nokre rundar med redaktørhjelp.

Korleis har skriveprosessen vore?

Skriveprosessen har vore ganske kronglete, mest fordi eg har vore så uvitande til korleis det faktisk er å skrive bok. Eg har lært utruleg mykje desse siste åra, og når eg tenker på at eg til dømes gjekk i godt og vel to år og venta på inspirasjon, må eg le. Skriving er hardt arbeid og krev disiplin. For ikkje å snakke om dyktige medlesarar og redaktørar!

Eg har lært utruleg mykje desse siste åra, og når eg tenker på at eg til dømes gjekk i godt og vel to år og venta på inspirasjon, må eg le.

Når du skriv, kva inspirerer deg? Kan du nemna nokre litterære førebilete?

Eg blir inspirert av alt mogleg når eg skriv: Bøker, musikk, tv-seriar og møte med andre menneske. Eg tek meg sjølv i å byrje forme setningar i hovudet når eg er i situasjonar eg får lyst til å skrive om. Eg legg også mykje meir merke til dramaturgien i filmar og kan til dømes ofte gjette kven som døyr først eller overlever til slutt i ein grøssar, fordi eg har lært meir om karakteroppbygging osb. Andre bøker er nok likevel det som inspirerer mest. Eg les veldig mykje samtidslitteratur fordi det er den sjangeren eg kjenner meg mest igjen i og vil skrive om sjølv. Litterære førebilete? Oj oj, det er mange, men eg skal prøve å halde meg kort. Gunnhild Øyehaug, fordi ho skriv så herleg surrealistisk. Carl Frode Tiller skildrar karakterane så ein får empati sjølv for den eklaste psykopat. Eg er veldig glad i språket til Jon Fosse og Alice Hoffman sin magiske realisme. Elles les eg alt av forfattarar som Marit Eikemo, Agnes Ravatn, Helga Flatland og John Green. Dei siste åra har eg på nytt blitt veldig glad i Stephen King, han er heilt genial når det gjeld persongalleri.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Sinne

15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen.

Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.