Festskrift til Norsk Ordbok

I samband med utgjevinga av det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok, gjev Samlaget ut eit festskrift.

Festskriftet Livet er æve, og evig er ordet er ein hyllest til det ordboksverket som vil vere det første vitskaplege og dokumenterande ordboksverket over norsk språk.

Bak festskriftet står Helene Urdland Karlsen, Åse Wetås og Lars S. Vikør.

Vi inviterer deg til å førehandstinge festskriftet, og samstundes få namnet ditt i Tabula gratulatoria for berre kr 250,00 (pluss porto). Om du ynskjer det, kan du reservere deg mot å få namnet ditt i helsingslista, men likevel få tilsendt boka.

For oppføring i Tabula gratulatoria og/eller tinging av festskriftet trykk her.

Tingingsfristen er 5.desember 2015.

Festskriftet skal etter planen liggje føre til lanseringa av band 12, den 9. mars 2016. Boka blir deretter sendt ut til tingarane med faktura vedlagd.