Nyheiter og populære bøker




LIVET OG KORLEIS LEVE DET

På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy?

I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å finne svar på dei store spørsmåla. Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare – og få deg til å senke skuldrene, litt.

Terning 5 «Noe så sjeldent som en velskrevet, lærerik og intelligent selvhjelpsbok ...»
Cathrine Krøger, Dagbladet

«Den eneste selvhjelpsboka du virkelig trenger.»

Hilde Østby, Aftenposten

Bestseljarar



Skjønnlitteratur



Barne- og ungdomsbøker



Eg er eg er eg er

Gjennom 39 dikt skildrar Ruth Lillegraven korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.

Bragepris-vinnar Ruth Lillegraven, viser med Eg er eg er eg er at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av.

Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.

Kjærleik

kjærleik
bur overalt

kjærleik bur
i sparkesykkelen din
i jakka di og skoa dine

kjærleik får meg til
å stige opp opp opp

som ballen du sparkar
mot himmelen

Leseland 2017