Syn og segn. Hefte 3-2016

Knut Aastad Bråten

tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Tillit og landbruk, arv og nasjonalisme

Les samtale med dyreven og dyreforkjempar Siri Martinsen, som gjev deg mange gode grunnar til å slutte å ete kjøt. Temaartiklar om tillit og korleis tillitssamfunnet vil utvikle seg i framtida er skrivne av stortingspresident Olemic Thommessen, kritikar Ida Habbestad, filosof og arbeidslivsforskar Helge Svare og statsvitar Dag Wollebæk. Sidsel Dalen har snakka med Tore Dølvik i Transparency International Norge, som fortel om faren for korrupsjon i norske kommunar. Bjørn Egil Flø er på banen med ein saftig tekst om jordbruk, mat og kvifor landbrukspolitikken ikkje lenger verkar. I etterkant av dei mange terroraksjonane blir Frankrike ofte framstilt som eit land som er invadert av framande, og som har mista kontrollen over innvandrarane sine. Stemmer det, spør Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Og kva gjer arv med oss? Tre menneske fortel tre historier om arven sin, ved Anne-Marte Før og Bergljot Kaslegard. Jens Petter Kollhøj reflekterer over fotografiet. Og som om ikkje det skulle vere nok: Flu Hartberg teiknar vidare på Folket på Nakkeskotseter.

ISBN: 9788252190069

Kategoriar: Årets bøker, Bestselgere, Syn og segn

Emneknagg: 2016

Kategoriar: Tidsskrift



Fleire bøker av Knut Aastad Bråten