Last ned omslag

Bla-i-boka

Surdeigsbrød

Martin Johansson | Anna O. Söderström | Stefan Wettainen

Oppskrifter og tips frå ein heimebakar

��Eg elskar brød. I fleire år har eg bakt alt brødet vårt sjølv. Oftast med surdeig. Eg bakar klassiske rugbrød, men også lyse brød. Mange trur at surdeigsbrød alltid er mørke, harde og beiske. Slik er det ikkje. Nokre av dei beste brøda mine er høge, luftige brød som eg bakar på surdeig av kveitemjøl.��

Martin Johansson har skapt bakefeber med denne boka i Sverige, og har også gitt ut boka Enklare brød, om kna- og eltefrie brød.

Å bake med surdeig er så enkelt som berre det – og samstundes eit mysterium. Surdeigsbrød er ei funksjonell og praktisk kokebok for deg som vil bake ditt eige surdeigsbrød. Ho tek for seg ulike omgrep kring surdeig, oppskrifter på fleire typar deigar, ho viser korleis ein startar og matar ein surdeig, og gir råd om korleis ein bakar for å få best resultat. Her er oppskrifter på lyse, mellomgrove og grove brød, og dessutan nokre spesialbrød.

Her får du gjennomprøvde oppskrifter, underhaldande tekstar og tips, og til slutt ei ordliste over viktige baketermar.


ISBN: 9788252179675
Utgitt:

Kategoriar: Alle bøker, Bestselgere, Fakta og dokumentar, Martin Johansson

Emneknagg: 2011, Innbunden

Kategoriar: Hobby, mat og drikke



Fleire bøker av Martin Johansson