Last ned omslag

Bla-i-boka

Stockholmsyndromet

Atle Berge

Om språk og einsemd med to dystre romvesen i hovudrollene

Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin kant av universet: Planten Mju har flykta frå det gamle livet sitt på ein komet, og enda opp på jorda. Der bur Helene Alsterqvist, norsklektor, også ho kjenner seg fanga i den meiningslause kvardagen. Alsterqvist får ansvar for språkopplæringa til Mju, og dei endar snart opp som venner.

Då Atle Berge debuterte med Muntergang i 2010, skreiv ein indignert bokmeldar at forlaget «har lete forfattaren lage lapskaus av indrefilet, russiske erter og andre luksusingrediensar». No har vi gjort det igjen! Stokcholmsyndromet er ein roman om høgverdige emne som språk og einsemd, med ein tivolikomet, ei mistrantropisk stemme og to dystre romvesen i hovudrollene.

Frå Bokmeldingar

Smart og spinnvillt.
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

"Den fremste kvaliteten ved boka er originaliteten ... Berge er ikkje bunden av konvensjonane for romanskriving, her ligg elementa føre i ein forfriskande salatstil der dei moglege ingrediensane er tallause, men samla kan ein sjå romanen som eit uttrykk for eit menneskeleg dilemma: Verda er ubegripeleg, men språket insisterer på definisjon, og mennesket er eit språkvesen som nyttar ord til å tolka eksistensen. Tolkinga er dikting, dikting er språk, og språket byggjer sivilisasjonar og øydelegg individ, ikkje minst med abstraksjonar og omgrep. Livet er med andre ord tragisk, men det er nett det som gjer det så komisk, også hjå Atle Berge."
Odd W. Surén, Dag og Tid


ISBN: 9788252181869

Kategoriar: Atle Berge, Bestselgere, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Atle Berge