Stavangertrilogien

Arild Rein

I eit hardt, fysisk og munnleg språk har Rein skrive ein trilogi med eit intelligent raseri, så gjennomarbeidd og gjennomført hardkokt at det saknar sidestykke i norsk litteratur. Stavangertrilogien er medrivande og engasjerande bøker �� og eit stykke sivilisasjonskritikk.

Stavanger i oljealderen: Det svarte gullet blir pumpa inn i dei rikes økonomi. Bustadprisane går til himmels, nyrike oppkomlingar feirar seg sjølve med pomp og festivalprakt. Alle sivilisasjonar har ei dekadent oppblomstring før det går til helvete. Rikdommen legg seg som ei tynn oljehinne over overflata. Og under denne overflata finst det desperate småkjeltringar og sosialklientar som også vil ha ein bit av overfloda. Arild Reins tre bøker – Hundedagane (1998), Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004) – handlar om skyggesida av det nyrike oljenorge. .


ISBN: 9788252165432

Kategoriar: Arild Rein, Pocket, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2005, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Arild Rein