Sommar-vrimlebok

Rotraut Susanne Berner

Dette er tredje vrimleboka frå den kjende tyske teiknarens hand. Dei to første, Vinter-Vrimlebok og Vår-Vrimlebok har fått ein enorm tilhengarskare verda rundt, og ikkje berre blant dei aller minste barna. Desse ventar no med lengsel på tredje bind i serien: Sommar-Vrimleboka.

Sola skin, lette skyer driv over himmelen, i og rundt byen rår trivsel og aktivitet. Vi møter att fleire gamle kjenningar frå dei første to vrimlebøkene: Thomas og Lene har tømt huset sitt for brukbare ting som kan seljast på loppemarknaden, gamle Fredrik tek kjøretimar og skaper aldri så lite kaos, og katten Mingus jagar ei lita mus heile vegen til byparken. Men kvifor går ein del barn og vaksne og ber på slike merkelege pakker? Ei ser ut som ei kaffikanne, ei anna som ei oppblåsbar gummikrokodille, og mannen i den grøne jakka går med ei u-innpakka gås under armen? Og så bryt det laus eit riktig sommar-torevêr ...


ISBN: 9788252168266
Utgitt:

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Bestselgere, Rotraut Susanne Berner

Emneknagg: 2006, Kartonert

Kategoriar: Biletbøker



Fleire bøker av Rotraut Susanne Berner