Solidaritet på ny

Bård Vegar Solhjell

Frå meir til betre

Kva bekymrar deg mest for dine eigne barn i framtida? Om dei skal få nok pengar? Eller om dei skal ha vener, god helse og bli lukkelege som vaksne? I følgje SSB skal Noreg bli 2-3 gonger så rike dei neste 50 åra. Vår generasjons store utfordring er ikkje lenger å sikre at vi blir så rike som mogeleg. Vi må setje oss andre mål. I staden for at vi skal få meir, må vi sjå kva som kan gjere at vi får det betre.

Dette er ei personleg farga historie om venstresidas og det raudgrøne prosjektet si framtid og grunngjeving. SV-nestleiaren skriv ærleg og innsiktsfullt om korleis tvil og dilemma kan og bør prege strategi og avgjerder i store og små saker. 

Ei modig og perspektivrik debattbok  frå ein folkeleg sosialist. Ope og fordomsfritt kjem vi på innsida av det raudgrøne prosjektet Ikkje i form av sladder, men refleksjonar kring det å regjere. Solhjell peikar ut sin visjon og retning for dette politiske kompromiss- eksperimentet, men også for sitt eige parti SV.

Frå Bokmeldingar

"SVs parlamentariske leder og tidligere kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har skrevet en svært interessant bok (...) om de rødgrønne utfordringene i årene som kommer."
Bjørgulv Braanen, Klassekampen


"Boken er interessant samfunnsanalyse, ikke minst om det indre liv i regjering, mangel på politiske visjoner og evne til å ta upopulære avgjørelser."
Håkon Arntsen, Trønder-Avisa



ISBN: 9788252178722

Kategoriar: Bård Vegar Solhjell, Bestselgere, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Historie



Fleire bøker av Bård Vegar Solhjell