Last ned omslag

Bla-i-boka

Smil utan smilar

Einar Økland

Ny diktbok frå Einar Økland!

Smil utan smilar er ei mangfaldig og overraskande bok, til ettertanke og til å smile av. Geografien i boka strekkjer seg frå Glomma til Sahara, og vi får lese om alt frå alderdom og kjærleik til kamelar og ørkengudar. Bli med gjennom nålauget, til Einar Øklands oasar!

TIL ERINDRING

Omrisset av eit klungerblad teikna

På eine sida av eit lite papir

Som har eit klungerblad berre skravert

På den andre sida.

 

Omrisset tynt og tydeleg.

Skraveringa flat og utflytande.

Ein ser ikkje begge samtidig,

Men skjønar det må ha vore

Den same som stod bak begge. Same

Kva som er fram- eller bakside.

Kanskje er det difor ein hugsar

Begge som vakre.

Klungeren og amatøren.


ISBN: 9788252179361
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Einar Økland, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden

Kategoriar: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Einar Økland