Saltsild og salmevers

Finn Bergesen | Olav Kobbeltveit | Inge Grødum

Frodige anekdotar og soger frå fiskarkulturen på vår langstrekte kyst!

I tett samarbeid med Norges Sildesalgslag har Finn Bergesen jr. og Olav Kobbeltveit samla anekdotar og soger frå ein frodig forteljartradisjon i fiskarkulturen på vår langstrekte kyst.

Det er skilnad på ein ringnotreiar frå Austevoll og ein sjarkfiskar frå Båtsfjord, men her er det lagt vekt på det dei har felles.

I Noreg har fiskeriet tradisjonelt vore tett samanvove med statleg politikk, og mange av historiene er henta frå livet i fiskarorganisasjonane, med saftige replikkvekslingar i møta mellom fiskar og politikar, mellom fiskar og byråkrat. Desse sogene er truleg mindre kjende enn dei mest brukte anekdotane frå sjark, trålar og snurpebåt.

Med hjelp frå Johannes Nakken og andre informantar får vi her ei vifte av sitat og historier om legendariske personlegdomar som Einar Hepsø og Klaus Sunnanå, men også einstøingar, stabeisar, samfunnsbyggjarar, hovdingar, risikotakarar og andre med evne til å levere fargerike og munnrappe replikkar og skrøner er representerte.

Boka er illustrert av Inge Gørdum.


ISBN: 9788252180893
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2011, Innbunden

Kategoriar: Kunst og kulturhistorie



Fleire bøker av Finn Bergesen