Last ned omslag

Bla-i-boka

Paradishagen

Sigrun Slapgard

Forboden kjærleik og ukjente historier frå krigen

Den norske regissøren Julie Dalgård oppsøkjer Melk kloster i Austerrike for å lage ein dokumentarfilm. Ein avdød familievenn, bibliotekaren Kurt Leonard, har avslørt delar av ei historie ho vil finne ut av.

Det viser seg at her er fleire ufortalde historier knytte til krigen. Det at Leonard har ei fortid som Wehrmacht-soldat, er berre starten. Dalgård går på jakt i hans og familiens fortid både i Nord-Noreg og i Austerrike, og nærmar seg etterkvart nye versjonar av livshistorier ho har kjent sidan barndommen. Med kva rett skal ho skape filmen som vil bli ståande som historia om Kurt Leonard? Og kva versjon skal ho fortelje? I denne romanen får vi lese om forteiing i den næraste familie, om kollektiv forteiing og om konsevensane av dette. Vi blir vitne til korleis kjærleik og død kan slå inn i liv og korleis ulike liv og livshistorier flettar seg inn i kvarandre.

Frå Bokmeldingar

,

Sterk og vakker
Bjørn Sletten, Dølen

Sterkt og stilreint ... bør lesast av mange. Det er ein vakker, sirleg og finsleg, ryddig og sympatisk, rolegflytande og klar romankonstruksjon.
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252175806

Kategoriar: Sigrun Slapgard, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Fleire bøker av Sigrun Slapgard