Omsorg og pedagogikk

Synnøve Haugen

Kva er kvalitet i barnehagen, og kva er god omsorg? Denne boka viser gjennom teori, historier og observasjonar kva utfordringar ein står overfor i barnehagetilbodet for barn i aldersgruppa 0-3 år.

Kvalitet og omsorg er omgrep som ofte blir nytta i barnehagedebatten. Men kva er kvalitet i barnehagen, og kva er god omsorg? I boka går forfattaren grundig inn på desse spørsmåla og viser gjennom teori, historier og observasjonar kva utfordringar vi står overfor når vi skal utvikle kvalitet i barnehagetilbodet for barn i aldersgruppa 0-3 år. Ho ser dette i samanheng med intensjonane i Rammeplan for barnehagen, og knyter det til nyare forsking om læring og utvikling hos små barn.

Dei første åra i livet er dei mest avgjerande for korleis barn utviklar seg og lærer seinare. Derfor er det viktig at små barn møter vaksne som er kjenslemessig engasjerte, har kunnskap, evne og vilje til å samspele og støtte barn på måtar som fremjar trivsel, læring og positiv utvikling. I dette ligg ei stor utfordring. Det krev at vaksne må prve å sjå og forstå perspektivet til små barn. Forfattaren viser kor avgjerande handlingane, veremåten og yrkesutøvinga til personalet er for korleis barna opplever kvardagen i barnehagen.

Målgruppa for boka er førskolelærarstudentar, barnehagepersonale og andre som arbeider med små barn.


ISBN: 9788252151442

Kategoriar: Bestselgere, Høgskule og universitet, Synnøve Haugen

Emneknagg: 1998, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Fleire bøker av Synnøve Haugen