Norsk historie 1860-1914

Jostein Nerbøvik

Oversiktleg og lett tilgjengeleg innføringsbok i norsk 1800-talshistorie. Boka gir ei levande framstilling av overgangen frå bondesamfunn til eit moderne industri- og klassesamfunn og ein gryande velferdsstat. Gjennomillustrert i fargar.

Boka handlar om overgangen frå eit tradisjonelt jordbrukssamfunn i oppbrot til eit moderne industri- og klassesamfunn og ein gryande velferdsstat. Eit gjennomgåande tema er spenninga mellom by og land og mellom tradisjon og innovasjon. Sentralt i framstillinga står omskiftet frå embetsmannsstat til venstrestat, og særleg drivkreftene bak innføringa av parlamentarismen, demokratiseringa og det opne, kommunikative samfunnet. Folkedanningstradisjonen, organisasjonsvoksteren og tevlinga mellom ulike nasjonsbyggingsprosjekt får stor plass.

Perioden for boka er utvida i høve til tidlegare utgåver, og framstillinga er prega av nyare forsking, særleg om nasjonal identitet og nasjonsbygging. Har sak- og namneregister.


ISBN: 9788252151862

Kategoriar: Høgskule og universitet, Jostein Nerbøvik

Emneknagg: 1999, Hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Fleire bøker av Jostein Nerbøvik