Norsk historie 1625-1814

Ståle Dyrvik

Populær og oversiktleg innføringsbok. Ståle Dyrvik gir ei informativ og velskriven framstilling av dei politiske, sosiale og økonomiske forholda i hundreåra fram til 1814. Gjennomillustrert i fargar.

Denne boka tek for seg dansketida, ein periode i norsk historie som tradisjonelt har vore prega av nasjonal audmjuking, kongar og krigar. I den politiske historia blir det lagt vekt på det politiske systemet og det mellomstatlege maktspelet. Like eins får befolkningshistorie og sosialhistorie ei brei omtale. Valet i 1814 som overordna perspektiv for framstillinga blir sett opp mot andre moglege innfallsvinklar. Andre sentrale emne i perioden er utviklinga av ein norsk nasjonal identitet.

Denne boka blæs liv i "dansketida" - ein periode i norsk historie som tradisjonelt har vore prega av nasjonal audmjuking, kongar og krigar. Dei breie utviklingsdraga står i sentrum. I den politiske historia blir det lagt vekt på det politiske systemet og det mellomstatlege maktspelet. Befolkningshistoria og sosialhistoria har også fått ein romsleg plass. Valet av 1814 som overordna perspektiv for framstilinga blir drøfta opp mot andre moglege innfallsvinklar. Det blir bygt bruer mellom samfunnsvitskaplege teoriar og sentrale emne i perioden, som utviklinga av ein norsk nasjonal identitet, den store folkeauken og den kraftige veksten i skattlegging og andre plikter som krigføringa førte med seg.


ISBN: 9788252151831
Utgitt:

Kategoriar: Bestselgere, Høgskule og universitet, Ståle Dyrvik

Emneknagg: 1999, Hefta

Kategoriar: Historie og kulturvitskap



Fleire bøker av Ståle Dyrvik