Norges landbrukshistorie. Bd. I-IV

Bjørn Myhre | Ingvild Øye | Kåre Lunden

For første gong får vi no ein presentasjon av norsk landbruk opp gjennom tidene. Norges Landbrukshistorie I-IV representerer tidenes største satsing på eit felles referanseverk for det norske landbruket. Dette er såleis ei historisk hending.

Verket gir ei brei, kulturhistorisk innføring i det norske landbrukssamfunnet. Forfattarane går mellom anna inn på livsforholda til dei ulike grupperingane i bondesamfunnet, og sjølvforståinga og livsmønsteret ein møter der. Andre viktige tema er interessekamp og politikk og ikkje minst utfordringane for norsk landbruk framover.

Regionale skilnader blir trekte fram, samstundes som spørsmål knytte til ulike utviklingsprosessar i samfunnet blir analyserte. Vekslande perspektiv og eit rikt illustrasjonsmateriale i fargar gir historia liv og teiknar tankevekkjande og djuptloddande riss av det komplekse landbrukssamfunnet i Noreg. I sentrum står heile tida menneska i landbruket og dei viktigaste utfordringane dei har stått overfor.


ISBN: 9788252155846

Kategoriar: Bestselgere, Bjørn Myhre

Emneknagg: 2002, Created at-2002-01-01, Innbunden

Sjanger: Verk



Fleire bøker av Bjørn Myhre